Dahle fekk 552 personrøyster og rykte med det opp frå sisteplass på lista til førsteplass. 10,4 prosent av dei som har røysta på RV har gjeve Dahle eit ekstra kryss. RV sin førstekandidat Sunniva C. Schultze-Florey vert RV sin andre fylkestingsmedlem, medan andrekandidaten Sigurd Solberg frå Voss vert første varamedlem.

Dei personrøystene som er gjevne ved fylkestingsvalet, gjev ikkje andre endringar i rekkjefølgja på kandidatane for partia som vert representerte i fylkestinget. Men mange veljarar har nytta seg av høvet til å gje ekstrarøyster. Først og fremst er det førstekandidatane som har fått mange personrøyster.

Terje Søviknes (Frp) fekk 8 111 personrøyster, det vil seia at 19,4 prosent av dei som røysta Frp har gjeve han ekstrakryss.

I Frp fekk elles Roald Steinseide 772 personrøyster og Helge Andre Njåstad 764.

Magnar Lussand (Sp) fekk 1 569 personrøyster (12,5 prosent) og Bente Bondhus (Sp) 719.

Gisle Handeland (Ap) fekk 2 463 personrøyster (5,5 prosent). Tom-Christer Nilsen (H) fekk 1 704 personrøyster (4,6 %). Torill Selsvold Nyborg (Krf) fekk 1 105 personrøyster (6,6 %). Torill Otterskred (SV) fekk 1 326 personrøyster (6,2 %). Harald Hove (V) fekk 414 personrøyster (6,2 %).

Turid Sveen Aase (Pensjonistp.) fekk 160 personrøyster (3,9 %).

Ordninga med personrøyster er slik at dersom ein kandidat får personsrøyster frå 8 prosent eller meir av veljarane til lista, vil vedkomande rykkja forbi kandidatar framanfor seg.

Personrøyster som utgjer mellom 0 og 8 prosent av røystetalet til lista, gjev ikkje utslag.

Auka valdeltaking

Frammøteprosenten ved fylkestingsvalet i Hordaland var 57,74 prosent i år, noko som er om lag ein halv prosent høgare enn i 1999. På landsplan var det nedgang i valdeltakinga frå 56,8 % i 1999 til vel 55 prosent i år.

Valresultat 2003

Fylkesvalstyret i Hordaland innstiller samrøystes på at fylkestingsvalet 2003 vert godkjent. Etter vallova skal det nyvalde fylkestinget føreta endeleg godkjenning av fylkestingsvalet.

Det vil skje når tinget vert konstituert 15. oktober.