Den rusa 33-åringen, som er ein kjenning av politiet, hadde tysdag to forsøk på å få med seg nokre ølflasker gratis frå REMA1000 på Bjelland ved Leirvik på Stord. Det var ikkje særleg vellukka.

— Dei tilsette hadde problem med ein rusa mann som prøvde å stela øl. Då våre folk kom til staden fekk mannen pålegg om å halda seg vekke frå butikken til han var edru att. Dette pålegget greidde han å halda i eit kvarter før han prøvde på nytt, fortel operasjonsleiar Torgeir Stødle, operasjonsleiar i Haugalandet og Sunnhordland politidistrikt.

Då tok politiet mannen med seg, og han må no tørka natta over i fyllearresten. I morgon vil eit forelegg verta presentert for mannen.

— Han er anmeldt for forsøk på tjuveri og for å ikkje ha etterkome pålegg frå politiet, seier Stødle til bt.no.