Rundt 50 deltakarar var venta til oppdrettsmessa AqKva? 2004 på Stord denne veka der temaet var torsk. Det kom 150 frå heile vestlandskysten, og frå Nordland. Det viser at tilbakeslaga i næringa ikkje har teke satsingslysta frå oppdrettarane.

— Folk flest veit ikkje at det meste av torsken som blei omsett på Fisketorget i Bergen i desember var oppdrettsfisk, sa Jørgen Borthen frå Norsk Sjømatsenter på Stord-messa.

— Det som overraskar mest er den gode kvaliteten oppdrettstorsken har fått etter å ha slite med eit dårleg kvalitetsrykte først på 1990-talet, sa Borthen.

Jørgen Borthen trur at Noreg vil produsera 100.000 tonn oppdrettstorsk om ti år. Det svarar til nivået norsk oppdrettslaks hadde i 1990.

Verda vil ha sjømat

Dersom verdas folketal veks til vel åtte milliardar i 2030, vil det vera behov for 120 millionar tonn sjømat frå akvakultur dersom førekomsten av villfisk held fram med å stagnera. Det er ei firedobling av oppdrettsvolumet i høve til i dag. Enno blir berre 4,5 prosent av verdas matbehov dekka av sjømat.

— Dei som ikkje har tru på fiskeoppdrettsnæringa bør sjå på desse tala, sa Ove Martin Grøtvedt, produksjonsleiar for marine artar i oppdrettsgiganten Nutreco.

Torskemessa på Stord var elles innom begynnarproblema som norsk torskeoppdrett har vore og er gjennom. Blant anna er yngelproduksjonen sårbar ved at bakteriar i det levande fôret kan bli overført til fisken.

Oppdrettstorsken har visse problem med å overbevisa torskeelskarar fordi han ofte har mørkare skinn og deformasjonar, seig konsistens og stor lever. Men så lenge kjøtsmaken er upåklageleg, kan oppdretta torsk vinna nye, store marknadsdelar, trur ekspertane.

- For passiv regjering

Olav Akselsen (Ap), leiar i Stortingets næringskomité etterlyste ei sterkare satsing frå styresmaktene. Han meiner at Bondevik II-regjeringa er åleine i verda om å ha ein filosofi om å føra ein næringspassiv politikk, det vil seia at det offentlege i minst mogeleg grad skal gå inn med aktive tiltak for å få eksempelvis den nye torskenæringa på fote.

— Det er blitt mindre satsing på fiskeriføremål med Bondevik II. Regjeringa ville kutta heile tilskotet til næringsutvikling i marin sektor, tilskotet til skjelprosjektet blei kutta i 2002. Det er feil når marin sektor er ei av framtidsnæringar, og ei næring der det trengst større forskingsinnsats for å få bukt med sjukdom og dødelighet, sa Olav Akselsen på torskemessa på Stord.