Norsk torskeoppdrett er i ein sped og vaklevoren startfase. Men har føresetnader til å bli minst like stor som laksenæringa.

Lakseforskar Sigurd Olav Handeland frå Universitetet i Bergen er blitt torskeforskar og oppdrettar av torskeyngel på Stord. Her har han busett seg med kona Wenche Grønås, også ho fiskeforskar og biokjemikar, og paret sine tre born i alderen frå tre månader til ni år.

— No er det ein drive i marknaden, folk gjer ein innsats. Det er enormt viktig at styresmaktene no nyttar dei verkemiddel som finst til å smørja hjula og få til ei positiv utvikling vidare. Det er mange utfordringar, og støttar ikkje styresmaktene opp, blir folk usikre og trekkjer seg ut, seier Handeland i ein pause på havbruksmessa AqKva? 2004 på Stord denne veka.

Engasjert om torskeborn

Sigurd Handeland snakkar engasjert om torskeborna sine og framtida til oppdrettsnæringa. Som spesialist på laksesmolt og torskeyngel og alle fårene dei små skapningane blir utsette for, er han ein mykje nytta føredragshaldar i inn- og utland.

Handeland var rimelegvis blant innleiarane på Stord-messa. Der snakka han om bakteriesjuka som i fjor vår blant anna ramma yngelanlegget Handeland er med på å drifta på Stord. Han meiner at bakteriane har sitt opphav i det levande fôret - hjuldyra - som torskeyngelen får.

Handeland og hans medarbeidarar på Sagafjord Sea Farm på Eldøyane vil derfor arbeida vidare for å betra hjuldyrkvaliteten, og dessutan ytterlegare kvalitetssikra vatnet som larver og yngel lever i før overføring til matfiskanlegg.

Doktorgrad

Sigurd Handeland har doktorgrad på smoltkvalitet hos laks frå Universitetet i Bergen, der han enno er tilsett 20 prosent.

— Eg har alltid vore fascinert av livet i havet, marinbiologien, seier Handeland, fødd og oppvaksen i Sandnes, og med røter frå Sunde i Kvinnherad.

— Eg har lenge interessert meg for villaks. Då eg var ferdig med hovudfaget, tenkte eg taktisk og såg at det kunne gå an å få ein forskarsjanse innan lakseindustrien, fortel 38-åringen.

På ei av sine mange gjestingar til onkel Malvin Handeland på Stord kom dei i samtale om at det burde vera råd å få til noko innan torskeoppdrett på Eldøyane Næringsområde, der onkel Malvin var sjef. Idéane blei skissert på ein serviett.

Dermed tok snøballen til å rulla. Sigurd hadde to forskarkollegar med torsk som spesiale, Geir Blom og Erling Otterlei. Begge sa seg interesserte å bli med på Stord-satsinga. Onkel Malvin fekk engasjert Eidesvik-gruppa på Bømlo som gjekk inn med kapital.

Dette var i 2000. I dag står eit stort og komplisert anlegg i full drift på tuppen av Eldøyane utanfor Aker Stord, med hundretusenvis av torskeyngel i kar.

- Langsiktige

— Eg må få lov til å framheva dei andre som er med i drifta, og ikkje minst Eidesvik-gruppa som har vist vilje til å tenkja innovativt og langsiktig, seier Sigurd Handeland.

— Dei som har eit skikkeleg apparat i ryggen, eit nettverk å spela på, dei er best i stand til å klara dei tøffe utfordringane som oppdrettsnæringa står overfor, seier Handeland og viser rundt i anlegget på Eldøyane.

Sagafjord har levert 50.000 yngel til Nord-Noreg for vidare vekst til matfiskstorleik.

Tre generasjonar yngel er no på plass i kara på Eldøyane, og blir følgt med argusauge for at dei ikkje skal bli drepne av bakteriar i fõret eller av kvarandre. Kannibalisme eksisterer også i torskeverda.

LAKSEBORN: Yngelforskar Sigurd O. Handeland med nokre av sine 20.000 lakseborn i eitt av oppdrettskara på Eldøyane.<p/>FOTO: OVE ARNE OLDERKJÆR