Rømminga frå oppdrettsanlegget skal ha teke til rundt 31. august. Mattilsynet reagerer dei sterkt på at dei først no er orientert om det som har skjedd.

Fisken er medisinert, og Bente Lien i tilsynet seier til NRK Sogn og Fjordane at folk bør vere varsame.

— Torsk frå området som er mindre enn halvanna kilo bør ikkje etast før 1. oktober. Då vil medisinen vere ute av fisken, seier ho.

Faren med å bli sjuk av å ete fisken er ikkje stor, men Mattilsynet meiner personar med penicillinallergi kan reagere.