I grunngjevinga for tildelinga blir det lagt vekt på at Torsheim er ein av dei største nolevande kunstnarane i Sogn og Fjordane. H markerer fylket og kunstens rolle i samfunnet på ein svært god måte.

Leiaren i kulturutvalet i fylket, Sissel Loen (H) karakteriserte Torsheim som ei allsidig kunstnar. Han er målar, teiknar og grafikar, men har også markert seg som tekstforfattar og musikar.

– Torsheim er ein multikunstnar som utfordrar fordommar og vanetenking gjennom sine oljebilete, akvarellar, grafikk og teikningar med latterleggjerande, surrealistiske innfallsvinklar, sa Loen.

Torsheim er fødd på Atløy i Askvoll med vaks opp i Naustdal. Han er no busett i Førde. Han er utdanna ved Bergen kunst— og handverksskule og Det Kongelige Kunstakademi i København.

Fylkeskulturprisen er på 40.000 kroner, og har vore delt ut kvart år sidan 1980.

  • Send ei helsing til Torheim her!