Løftet av midtseksjonen er eit av dei tyngste som er gjort i landet, og har skapt problem for vegvesenet.

Opphavleg skulle bruspennet vore løfta på plass i fjor haust, men blei då stoppa av dårleg vêr.

Vegen mellom Værlandet og Bulandet er kring seks kilometer. Ikkje mindre enn seks bruer er bygt for å knyte dei to øysamfunna saman. Opninga av vegsambandet skjer før jul.

FØR BRUA: Nå kan du gå tørrskodd mellom øyane i Værlandet og Bulandet. Torsdag kveld kom nemleg den siste burseksjonene på vegsambandet på plass i Olssundet. ARKIVFOTO: ODDLEIV APNESETH