I dag klokka 17 skal SVs Torill Otterskred møta firarkoalisjonen som har styrt fylkeskommunen sidan valet i 1999.

— Eg har hatt kontakt på telefonen med fylkesordførar Gisle Handeland, og han har bede om innleiande samtalar. Men eg forstod at koalisjonen stiller som krav at Handeland held fram som fylkesordførar, og Torill Selsvold Nyborg som fylkesvaraordførar, seier Torill Otterskred til Bergens Tidende.

Koalisjonen, det er Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre. I dagens fylkesting har desse fire partia 35 mandat av 67, og dermed fleirtal. I det nye fylkestinget som vart vald måndag, sit koalisjonen att med 24 av 57. Då kjem SV sine seks mandat vel med.

— Vi fire hadde samtalar med kvarandre i går, og vi valde å strekkja ei hand ut mot venstre. Det vil seia at Gisle Handeland tok kontakt med SV, seier Magnar Lussand frå Sp.

Dersom SV går inn i blokka, vert partiet det nest største etter Ap.

— Då ville det ikkje vera urimeleg å krevja fylkesvaraordføraren. I alle fall vil vi gjera krav på ein del formelle posisjonar. Men dei politiske krava er det viktigaste, seier Torill Otterskred.

Fylkesordførar Gisle Handeland ynskte i går ikkje å seia noko om kva går føre seg mellom partia etter valet. Fylkesvaraordførar Torill Selsvold Nyborg var ikkje tilgjengeleg.

Selsvold Nyborg har tidlegare sagt at Kristeleg Folkeparti ikkje vil stengja døra for ein mogleg samarbeid med Høgre og Framstegspartiet. Skulle KrF sitt val gå den vegen, er det truleg opna for Høgres Tom-Christer Nilsen som ny fylkesordførar, og med Torill Selsvold Nyborg i same stilling som no. Framstegspartiet er rett nok det største partiet på høgresida, men listetoppen, Terje Søviknes, vil nøya seg med å møta i fylkestinget som gruppeleiar for sitt parti.