Den årlege Torgdagen i Ulvik finn alltid stad i byrjinga av oktober, som regel i haustferien.

I dag laurdag 4.oktober er ikkje noko unntak.

I fine haustfargar og med nysnøen nedover fjellsida har ulike lokale og andre næringsdrivande sett opp bodene sine ved Sentrumsbygget.

Det du ikkje finn på torgdagen i Ulvik, er ikkje mykje å trakta etter. Frukt og kjøtvarer i naturleg og foredra form dominerer. Men her er og lopper og anna rart som høyrer med på ein marknad. Jamvel eit innslag av line dance høyrer med.

Og folk møter opp, ikkje berre frå nærområdet. Men det vert fortalt at det er godt belegg på hotella. Folk kjem langvegs frå for å oppleva Torgdagen i Ulvik Mange nyttar og høvet til å kombinera Torgdag og familiebesøk i haustferien.

Alle foto: Steinar I. Bergo
Steinar I. Bergo
Folk er kome langvegsfrå for å vera med på den store Torgdagen.
Steinar I. Bergo