Tør ikkje gamble med kraftforsyninga

Mars 2010: Frykt for forsyningssvikt har fått energiminister Terje Riis-Johansen (Sp) til å stå imot hardt press frå sine eigne om å droppe kraftmastene i Hardanger.

Les også:

Bergens Tidende får stadfesta at opplysingane i gårsdagens VG stemmer: Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen har utarbeidd eit notat til regjeringa der han går inn for å seie ja til konsesjonssøknaden frå Statnett.

Samstundes er det klart at saka enno ikkje er endeleg avgjort. Spørsmålet om kraftforsyninga til Bergen og Vestlandet er så viktig og omstridd at det er venta at heile regjeringa vil bli involvert i avgjerda. Ei breiast mogleg forankring i regjeringa vil redusere faren for bråk i ettertid.



Massivt press frå sine eigne
Terje Riis-Johansen har hatt ein kø av raudgrøne politikarar utanfor kontordøra si, som alle har prøvd å få han til å skrinleggje «monstermast»-planane.

Riis-Johansen har hatt møte med dei raud-grøne politikarane frå Hordaland, partivis, og det har vore møte med den raud-grøne storfraksjonen i energi- og miljøkomiteen om saka.

SVs energipolitiske talsmann, Snorre Valen, seier at SVs stortingsgruppe ikkje kjenner til at noko er avgjort i regjeringa.

- Det er vi ikkje orientert om. Vi er ikkje overkøyrde, seier Valen.

I går slutta LO i Hordaland seg til dei som protesterer mot dei såkalla «monstermastene»: Fagrørslas høgste organ i fylket vedtok på fylkeskonferansen på Voss eit krav om at kraftlinja på 420 kV frå Sima til Samnanger ikkje blir bygd som luftspenn.

- Vi ser behovet for å auke overføringskapasiteten til og frå Bergens-regionen. Men å byggje luftspenn vil vere å nytte gamle løysingar. Det er kome ny teknologi, sjølv om dette sjølvsagt har sin pris, seier LO-leiar Dag Rune Mo i Kvam.



- Nye liner må til
Fylkespartia til alle dei tre regjeringspartia i Hordaland har gått imot planane om luftspenn. Også stortingsgruppa til SV har sagt nei. Jamvel Frp har landsmøtevedtak om å gå imot luftlinje.

Saka har enno ikkje vore behandla i stortingsgruppene til Ap og Sp.

Leiaren i energi- og miljøkomiteen, Erling Sande (Sp), vil ikkje kommentere dei interne prosessane. Men han meiner nye kraftliner må til.

- Det må på plass meir kapasitet inn til regionen. Oppgradering er inga varig løysing. Difor trur eg det må byggjast nye liner, fordi forsyningstryggleiken ikkje er god nok, seier Sande.

Les også: - Statnett og NVE har forsømt seg

Har ikkje gitt opp
Det er nettopp forsyningstryggleiken som ifølgje sentrale kjelder på Stortinget set Terje Riis-Johansen i ei lei knipe. Han har valet mellom å godkjenne planane til Statnett eller å gamble på at overføringsnettet til Bergens-området ikkje bryt saman.

Dei faglege råda frå NVE og Statnett er eintydige, og BTs kjelder meiner statsråden ikkje kan ta sjansen på at dagens nett vil greie seg inntil ein ny løysing er klar.

Det betyr ikkje at dei stortingspolitikarane frå regjeringspartia som kjempar mot «monsterlina», har gitt opp. Det blir understreka overfor BT at prosessen som no går i regjeringa, er reell. Ingen endeleg konklusjon er trekt.

Det er berre 14 dagar sidan Riis-Johansen uttala til BT at departementet ville vurdere om opprusting av eksisterande nett kan vere eit fullgodt alternativ.

Det var også konklusjonen frå ekspertane som Den Norske Turistforening har engasjert i saka.

Kva meiner du om «monstermast»-planane?

Les også

Siste fra Lokalt

Nå er det snart
slutt på varmen

Det er ventet temperaturfall på ti grader.

Kranglete mann kom kjørende full på fest

Politiet rykket ut til Rosendal.

- Dette er så unødvendig

Mann sendt til legevakt for å sy sårene etter å ha ramponert flere biler i Fabrikkgaten.

Her stiller han klokken

«Jeg er kongen av Bergen», ropte mannen etter å ha dyttet på viserne.

- Aldri sett så mye grisekjøring

Her fliser han forbi, tett inntil land i høy fart.

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger