Birgit Nilsen bur i Vikavegen nede mot sjøen i Salhus, og alt burde lagt til rette for at ho kunne hatt mykje glede av å besøke søstra si like ved. Heldigvis er ikke søstra hennar, Else Fosse (79), like redd.

Bygd av tyskarar

– Eg går midt i vegen, seier Fosse.

– Det er like mykje min veg som nokon andre sin. Dei får heller stoppe bilen om dei ikkje kjem seg forbi meg.

Rundt 40 husstandar har adresse langs Tellevikvegen opp mot Slettebakken. Vegen blei bygd av tyskarane under krigen. I fylgje bygdeboka var det tilsette frå trikotasjefabrikken i Salhus blant vegarbeidarane — sidan dei hadde mindre å gjera i krigsåra.

– Tyskarane brukte små lastebilar eller hest og kjerre, hugsar Nilsen.

– Det var ikkje farleg å gå der den gongen.

– Helvetes veg

Slik er det ikkje lenger. Kvar ettermiddag står det tett trafikk langs den smale vegen, og det er ikkje uvanleg at bilar og større kjøretøy blir ståande fast langs fjellveggen. Når bussen kjem, er det fotgjengarane som må inn til fjellet for ikkje å bli nedkøyrd.

– Folk i Salhus har protestert fleire gonger, men ingenting skjer, seier Nilsen, som trur at dei fleste som brukar vegen kjem frå Nordhordland.

– Eg trur at dei har noko i bilane sine som fortel dei at dette er den kortaste vegen. Men dei har ingenting som seier korleis vegen ser ut.

– «Dette er ein helvetes veg» sa ein lastebilsjåfør som køyrde seg fast, fortel Fosse.

– «Men du treng ikkje kjøra denne vegen», svara sonen min.

– Kva svara sjåføren då?

– «Ja, det er sant», sa han.

– Ingen planer om utbedring

– Me har ikkje nokon planar om utbedring av denne vegen no, seier distriktssjef i Statens vegvesen Olav Finne.

For tre år sidan var det både snakk om å stengje Tellevikvegen for gjennomkøyring og å lage lysregulering. Begge desse tiltaka viste seg vanskelege å gjennomføra. Tellevikvegen er lokalveg i området frå Tellevik til Salhus, med eiga bussrute. Det gjorde at stenging var uaktuelt. Lysregulering kunne vore aktuelt, men det viste seg uråd å finne passande lokalisering for oppstillingsplassar i kvar ende langs den tronge vegen. I tillegg var det eit problem at folk som bur i området kom inn på vegen mellom lyskryssa.

– Kunne det vore aktuelt å byggja eit fotgjengarfelt på utsida av vegen?

– Det bør undersøkjast, seier Finne.

– Men eg kan ikkje sei noko meir om det no.

Fartsvisningstavle

Statens vegvesen har ansvaret for mange slike vegar, og det er heile tida snakk om ei prioritering. Dei siste fem åra har det vore registrert fem ulukker med personskade i Tellevikvegen, men ingen fotgjengarulukker.

– Fire av ulukkene har vore front mot front, medan ei var påkjørsel bakfra, fortel Finne.

– Me har ikkje registrert noko auke i trafikken, men har skilta med 30-sone og bygd nokre fartshumpar. Me planlegg også å setje opp ei fartsvisningstavle.

Det siste tiltaket er spesielt viktig, sidan det vil gje Statens vegvesen verdfull informasjon om farten langs vegen.

Ikkje prioritert

– Inntrykket vårt er at fartsnivået er rimeleg lågt, seier Finne, som gjerne vil ha meir talmateriale på bordet.

– Du ser inga løysing i næraste framtid?

– Nei, dette er diverre ikkje eit prioritert prosjekt. Det er også viktig å hugse på at betre standard kan gje enno meir trafikk langs vegen. Me kan ikkje leggja til rette for det.

– Kva vil de gjera med det øydelagde gjerdet langs vegen?

– Det må me sjølvsagt få reparert. Det går ikkje an å ha det slik.

Kva bør gjerast med trafikken i Tellevikvegen? Sei di meining i kommentarfeltet under:

FARLEG VEG: – Dette er einaste vegen opp til søstra mi, fortel Birgit Nilsen (til venstre). Til høgre: Søstra Else Fosse, som bur i den trafikkfarlege Tellevikvegen.
Magne Fonn Hofskor
IKKJE SNARVEG: – Det beste rådet er å oppfordra til å bruka E39 i staden, seier Olav Finne. – Eg trur ikkje trafikantane til og frå Nordhordland sparar tid ved å køyre via Salhus.
Magne Fonn Hofskor
TELLEVIKVEGEN: – Betre standard kan gje enno meir trafikk langs vegen, seier Olav Finne. – Me kan ikkje leggja til rette for det.
TRONGT OM PLASSEN: – Når bussen kjem, må eg heilt inn til fjellet for ikkje å bli nedkøyrd, seier Birgit Nilsen.
Magne Fonn Hofskor
LIVET SOM INNSATS: – Me burde fått eit fortau på utsida av vegen, seier Birgit Nilsen, som ikkje lenger tør besøke søstra si i Tellevikvegen.
Magne Fonn Hofskor
UTRYGT: Gjerdet langs vegen er i dårleg stand - og det er høgt ned.
Magne Fonn Hofskor
KVEN SKAL RYGGE: «No er det din tur å rygge, var det ein som sa», fortel Else Fosse. «Eg har rygga så mange gongar før».
Magne Fonn Hofskor