Voss toppar lista på fleire område i den nye pasientgranskinga PassOpp, som Stiftelsen for Helsetjenesteforskning (HELTEF) har gjennomført ved sjukehusa i Helse Vest.

Voss scorar aller høgast med kvaliteten på sjukepleietenester, og får 9,4 på ein skala frå 1 til 10. Også Haukeland kjem bra ut her, med 8,8. Universitetssjukehuset ligg like under gjennomsnittet for Helse Vest på dei fleste område.

Einaste problemet pasientar på Voss har, er å koma i kontakt med rette vedkomande på sjukehuset dersom dei har spørsmål etter utskrivinga.

Haukeland har eit enda større forbetringspotensial her.

Pasientane er mindre opptekne enn legane over for tidleg utskriving for å gje plass til nye pasientar. 88 prosent av pasientane meiner dei vart utskrivne i rett tid.

— Resultata av granskinga er svært oppløftande for Voss sjukehus. Vi er ikkje berre det mest effektive sjukehuset i regionen, men leverer også beste kvaliteten, seier direktør Rolf Abrahamsen til Bergens Tidende.

Han har tidlegare opplyst at Voss produserer ti prosent av sjukehustenestene i helseføretaket og brukar berre fem prosent av ressursane. Difor stiller han seg uforståande til framlegga om reduserte tilbod. Abrahamsen blir med i ei arbeidsgruppe i Helse Bergen som skal sjå nærare på rapporten som Helse Vest sine framlegg til sparetiltak er tufta på.