På eitt punkt står ho heilt åleine: Ho er imot å redusere fylkesmannsembeta til eit reint statleg kontroll— og tilsynsorgan.

— Røynslene frå Hordaland viser at fylkesmannen kan vere eit godt korrektiv i mange saker. Og 1/3 av dei partilaga som uttala seg i høyringsrunden var samde med meg, seier Toppe i ein samtale med BT.

Sto fast

Ho forklarar at det er meir eller mindre tilfeldig at ho står bak så mange av dissensane. Ho opplyser at fleire av dei andre 10 medlemene av programkomiteen endra standpunkt på siste møtet i komiteen, medan ho sjølv sto fast. Det innebar at ho dermed kom i mindretal på fleire punkt.

  • Eg er tilhengar av ein restriktiv alkoholpolitikk og difor imot å innføre vinmonopol i alle kommunar, seier Toppe.
  • Elles er det heilt uproblematisk at det er dissensar. Det er godt for den interne debatten. Og det er berre ein fordel at det kjem ulike framlegg på punkt vi veit det vil vere debatt om på landsmøtet, seier Toppe.

Rovdyrpolitikken

Ho legg til at ho eigentleg godt kunne ha tenkt seg å ta dissens også på punktet som gjeld rovdyrpolitikken. Her kneset programkomiteen ei endå meir restriktiv line enn det partiet har i denne stortingsperioden.

Programformuleringa er også i strid med regjeringsplattformen i Soria Moria-erklæringa.

  • Rovdyrpolitikken er ei betent sak i Sp. Fordi den betyr så mykje for mange i partiet, valde eg ikkje å ta dissens, seier ho.
  • Det er synd men ikkje overraskande at Sp fort forlet forliket om rovdyrpolitikken det var semje om i Stortinget i 2004 og også distanserer seg frå Soria Moria-erklæringa, seier generalsekretær Rasmus Hansson i Verdas Naturfond (WWF).
  • Dette er urovekkande med tanke på naturvernprofilen i ei eventuell ny raud-grøn regjering. Alle bør merke seg dette. Det er utruleg at partiet kan finne på å setje ulven i bås med eit asiatisk dyr som mårhund og villsvin som vart utrydda i bronsealderen. Ulven var truleg det første dyret som inntok landet vårt etter at landet vart isfritt for 10.000 år sidan, seier Hansson.

«Krevjande»

Partileiar Liv Signe Navarsete vil førebels ikkje seie noko om kvar ho sjølv står i nokon av dei stridssakene programkomiteen fremjar. Det vil først kome til uttrykk gjennom behandlinga i sentralstyret 19. mars. Landsmøtet skal behandle programmet 27.-29. mars.

Navarsete seier likevel at næringspolitikken kan bli krevjande i forhandlingar om ei eventuell ny raud-grøn regjering. Det kjem av at dei tre partia har nokså ulikt syn. Sp er tilhengar av meir «næringslivsvenlege» verkemiddel som til dømes bruk av skattepolitikken for å stimulere næringslivet, ifylgje Navarsete.

Bergens Tidende