Nominasjonsmøtet i Hordaland Senterparti trossa i går nominasjonsnemnda og plasserte 41-åringen øvst på lista.

Det var fylkesleiar og tidlegare statssekretær Steinulf Tungesvik som av nominasjonsnemnda var blinka ut til den sikre plassen på stortingsvallista. Men i kampvoteringa vann bystyrerepresentanten Kjersti Toppe med knappast mogleg margin.

31 mot 30 stemmer viste teljinga, og frå plassen sin lengst bak i salen kunne bystyrerepresentanten frå Åsane gle seg ikkje berre over valutfallet, men også over mange godord undervegs i debatten.

Vellukka mobilisering

— Eg er sjølvsagt glad for at dette var mogleg. Det hadde eg ikkje trudd. Nett no opplever eg situasjonen som litt uverkeleg. Eg går til det med skrekkblanda fryd, sa Kjersti Toppe like etter at resultatet vart offentleggjort.

Mobiliseringa for Toppe var på sett og vis varsla, og det var venta at det kom til å bli jamt mellom henne og motkandidaten Steinulf Tungesvik. Undervegs i debatten var det ikkje lett å spå kva veg det kom til å vippa.

— Eg prøvde å høyra på applausen og tolka det eg høyrde. Av den forsto eg at det kom til å bli jamt, seier førstekandidaten. Raud i kjakane gjekk ho på talarstolen og takka møtelyden for tilliten.

— Offameg, det kom litt uventa, dette, men samstundes var eg litt førebudd på at det kunne skje. Eg vil takka dei som meinte eg skulle få førsteplassen. Eg har ikkje sjølv vore aktiv i den prosessen, men eg er audmjuk for at det blei som det blei, sa Toppe.

Ytre mot indre strok

Det var av representantane for dei ytre stroka av fylket Toppe vart heia fram. Heile Nordhordland stilte seg bak Kjersti Toppe, saman med Stord, Fitjar, Bømlo og Austevoll. Av tilhengjarane blei særleg hennar potensial som stemmesankar trekt fram. Politikar-rivjernet frå nordre bydel har fått mykje av æra for at Bergen ved det førre kommunevalet vart Noregs største Senterparti-kommune med meir enn 3000 stemmer.

Skeptikarane stilte spørsmål ved hennar evne til å bli heile fylkets representant, og i debatten vart det jamvel uttrykt frykt for at Toppe kunne koma til å kosta Senterpartiet veljarar i dei indre stroka av fylket.

Slik avslørte nominasjonsmøtet skiljeliner og frontar som nok stikk djupt og sikkert er skarpare enn mange i fylkeslaget er komfortable med.

Kamp om andreplassen óg

Nominasjonsmøtet kunne fort ha enda i open splid, for også om andreplassen på lista vart det kamp, og også her var det fløyene i fylkeslaget som stod mot kvarandre. Jacob Bjelland frå Stord som kandidaten frå dei ytre stroka, Solfrid Borge frå Ullensvang kandidat frå dei indre bygdene.

Debatten blottstilte frontane, men til slutt valde nominasjonsmøtet Borge med 33 mot 27 stemmer (1 blank stemme). Slik vart fylkesleiarens oppmoding om å strekkja ut ei hand over kløfta teken omsyn til.

— Det var heilt avgjerande for at det ikkje skulle enda i splitting, seier Steinulf Tungesvik.

Helge Skodvin