— Dette skal vi heilt sikkert greia, seier Ruta Brhane og Senait Okubu, fullt klar over at turen frå Juvasshytta til toppen av Noreg vil ta rundt fire timar, for det meste traskande i snø og over Styggebreen.

På norskkurs

— To tusen fire hundre og sekstini meter over havet, har dei lært seg på norsk.

Blant dei utanlandske er Etiopia sterkast representert i gruppa som reiste frå Voss i ettermiddag, men fleire andre nasjonar er også representerte. Nokre deltek på Voss Røde Kors sine tilbod, andre er asylsøkjarar som bur på Voss Mottak.

Vandrar med sjefen

  • Blant 1300 påmelde frå heile landet er deltakarane frå Voss er utplukka til å gå toppturen saman med direktør Lars Wilhelmsen i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi). Det er stas, seier Linn Bratsberg i Voss Røde Kors.

Gruppa skal ha «Base camp» i Skjolden inst i Lusterfjorden, klare for framstøyten mot Galdhøpiggen i morgon.