— I sommar har det regna annankvar dag. For frukt er slikt vêr godt vêr. Nedbøren blir nett passeleg, seier Ivar Slinde (50).

Morgonen gav regn. Men når det nærmar seg middagsleite jagar sørvesten skyene vekk i rekordfart over Sognefjorden. Haustsola dukkar opp og varmar dei bratte bakkane over husa. Og frukttrea. Ein dag nett slik heile sommaren har vore.

— Spesielt august var veldig bra. Då fekk vi også gode temperaturar. Mange seier det har regna så mykje, men her inne i Indre Sogn har vi i alle fall ikkje merka mykje til det. Våren var nesten for tørr, spesielt vekene rundt blomstringa. Då måtte vi vatne mykje.

Over 30 tonn

Fruktbonden frå Slinde utanfor Sogndal haustar. Denne dagen er det plommer det går i. Før haustmørket kjem sigande, reknar fruktbonden med å ha plukka 20 kassar. No startar også eplehausten. Tidlegeple har alt vore for sal ei stund, no kjem dei halvtidlege. Neste veke er dei første discoveryepla frå garden ute i butikkane.

Første plommene blei hausta 26. august. Mot midten av oktober reknar han med å ha siste seine eplesortane i hus.

— No framover ønskjer vi fruktdyrkarar litt kalde netter. Då blir frukta søtare, og så kjem den fine fargen fram. Ei natt no for ei god veke sidan var temperaturen ned i fem-seks grader. Berre få dagar etter såg vi at raud gravenstein, som til då hadde vore heilt gul, tok til å få rette fargen. Nattekulde og litt sol om dagen vil gje eit topp år.

Handdyrka

På sørsida ligg Fimreite. Frå stoveglaset ser Ivar Slinde rett ned på fjorden der eit av dei mest kjende slaga i norsk historie stod. Om gardbrukarane her dyrka frukt då kong Sverre dirigerte birkebeinarane til siger i slaget om Noreg, veit ingen. Men arkeologane fann eplerestar i Osebergskipet. Og det har stått frukttre langs Sognefjorden i generasjonar bakover.

— Oldefar min kjøpte dette bruket. Han og bestefar dyrka opp alt ovanfor husa med handmakt. Det er nesten vanskeleg å førestelle seg for eit arbeid det må ha vore, fortel Ivar der vi går mellom rekkjer av frukttre i brattlendet.

Katastrofeår

Årets avlingar av eple, plommer og pærer i Hardanger, Sogn og Nordfjord, områda der det vesentlege av frukthausten på Vestlandet skjer, ligg i år an til å bli godt over normalen. Både i mengde og kvalitet. Og det trengst, for fjoråret var bortimot ei katastrofe. Frostnetter om våren, følgd av ein kald og våt sommar, gav avlingar på eit minimum.

— Eg kan gje eitt døme. Eg har ein plommesort som heiter Reeves. Hausten 2010 plukka eg 4800 kilo. I fjor fekk eg 480.

Gravenstein på museum

Lyden av ein sms blander seg med vindens sus i frukttrea. Tekstmeldinga er frå fruktlageret. Dagen før har dei vore rundt på gardane i området og målt sukkerinnhald. No kjem resultat, og råd om kor tid dei skal plukke. Eplesorten Discovery kan haustast frå dagen etter.

Fruktdyrking er ikkje slik det var. Få og store tre, der bøndene bukserte på stigar, er erstatta av mange og små, knapt nok mannshøge. Gamle fruktsortar er ute. Gul gravenstein er på museum. Raud gravenstein har derimot overlevd, som den einaste av dei gamle epleslaga. Og vitskap avgjer plukkedato.

— Sms og internett har revolusjonert fruktdyrkinga. Papirarbeidet har blitt enklare, kontroll og kvalitet betre. Maskinell sortering på fruktlagera gjer at forbrukarane får betre frukt i butikkane. Vi har fått ei veldig oppegåande rettleiingsteneste som kjem med råd om alt frå nydyrking til haustetidspunkt. Ikkje minst gjer dei ein veldig god jobb i å rettleie nye dyrkarar, seier 50-åringen. Han er også styreleiar for Sognefrukt, eit medlemseigd selskap som pakkar og omset frukt for dyrkarane i Indre Sogn.

Satsar

Saman har desse tiltaka gitt betre økonomi i næringa. Noko som igjen har ført til at fruktdyrking er på veg fram att i fjordbygdene på Vestlandet. For 15–20 år sidan såg eple, plommer og pærer ut til å vere ei næring i solnedgangen. Men der aplane stod ustelte og epla blei fulle av skurv, blir det no planta nytt. Også prisane har auka. For eple ser produsentane i år ut til å få ein rekordhøg kilopris.

— Her i området har fruktdyrkinga teke seg opp dei siste åra, det er ikkje tvil om.

Ivar Slinde er ein av dei som satsar. Etter at han flytta heim og tok over garden, har han heile tida hatt arbeid utanom bruket. I sommar sa han opp jobben som ingeniør i konsulentbransjen.

— Eg har ein intensjon om å kome opp på eit gjennomsnitt på over 30 tonn frukt. Med dagens prisar skal det då gå å få ei skapeleg inntekt. Men det er mykje arbeid, så om vi reknar timepris er det ikkje så lukrativt.

AUKANDE MARKNAD: Produsentane har fått beskjed frå grossistane om at alt dei leverer vil gå ut. Ein dårleg haust på Austlandet gjer at det truleg blir for lite norske eple i år. - Vi kan produsere mykje meir frukt enn i dag, meiner Ivar Slinde.
ØYSTEIN TORHEIM