ARNE HOFSETH

— Eg skal alltid synga songane dine, lovde hans tidlegare elev og nære samarbeidspartnar Berit Opheim høgtideleg ved båra.

Deretter song ho «Fattig ynskje» av Per Indrehus, til tekst av Tor Johnsson, og til tonefylje av Jo Eskild, komponisten sin etterfyljar på Voss Folkehøgskule.

— For oss vil tonen aldri tagna, sa banksjef Mads Indrehus i Vik, og mintest ein pappa som fylte tilværet med tonar, glede og pågangsmot.

Marianne Juvik Sæbø opna minnehøgtida med «Pie Jesu» av Fauré, og song seinare «O Bone Jesu» frå eit toneark ho nyleg fekk på faks frå Per Indrehus, utdrag frå eit rekviem som truleg aldri vart ferdig. Ho hadde tonefylje av Laila Kolve (fløyte) og Jo Eskild (piano).

Saksofonist Olav Dale framførde «Til Per», ein komposisjon han hadde laga for høvet. Og spelemannen Einar Mjølsnes frå Mjølsnes/Indrehus-gruppa framførte «Myllargutens bruremarsj» på hardingfele.

Arnhild Haga Indrehus mintest palmelaurdagen 1965 i same kyrkja, då Per og ho lova kvarandre å halda saman i gode og vonde dagar. Prost Knut A. Knudsen minna om musikken hans som har fylt dette kyrkjerommet så mange gonger.

Fleire nære slektningar og vener bar fram personlege helsingar, og det vart helsa frå Bergen Nord Kammerkor, Norsk Korforbund, Jakob Sande-selskapet i Fjaler, Voss gymnas, Orkesteret Fossegrimen med fleire.

Prosten gjorde seg også til talsmann for Voss Folkehøgskule, der han er styreleiar:

— Det var ein «styrelse» at Per Indrehus kom til skulen, bygde opp musikklina og gjorde skulen attraktiv, sa prosten som fann Olsok-dagens tekst i Salmenes Bok, sjølve songboka i Bibelen.

Rett etter jordfestinga var ein gjeng ungdommar, fleire av dei elevar av Per Indrehus, i gang med å bera musikkanlegg frå kyrkja til friluftsscena der rockeband og poporkester heldt Olsok-konsert på sein ettermiddagstid. Så avgjort i den mangslungne komponisten si ånd. Hans evne til å møta ungdommen på deira eigne premissar og opna døra for eit breiare musikkliv vart understreka i Vangskyrkja i går.

«TIL PER»: Olav Dale (saksofon), Rolf Prestø (bass) og Jo Eskild (piano) framførte Dale sin nye komposisjon ved Per Indrehus si båre.<p/>ARNE HOFSETH