Men langt borte frå trafikkstøy og blokker, der det heiter seg at alle kjenner alle, er det meir naturleg å stikke tommelen opp. Eg brukte til dømes å haike då toget til vidaregåande på Årnes køyrde frå meg. Ofte var det kjende som stoppa.

I helga stod tre av BTs utsende på ferjekaia på Nordeide i Høyanger kommune, etter å ha kome med ferja frå Ortnevik. Mannen på båten hadde nettopp fortalt oss at vi måtte gå opp i vegen om vi ville med bussen. Den skulle kome om ti minutt. Men den kom aldri. Då stakk vi fram tommelen.

Trur du nokon stoppa? Minst ti bilar køyrde forbi. Eg skjønar dei som hadde full bil eller for liten bil. Men kva med alle dei andre? Kvifor stoppa dei ikkje? Dei fleste av dei visste sikkert at det ikkje gjekk buss på laurdagar.

I Ortnevik møtte vi Erlend Brekke (22). Han meiner folk på bygda er blitt meir individualistiske. Var det difor så mange berre gassa forbi oss?