Eit nytt røyr med tidobla slukeevne og ny generator med nær 12 gonger så stor effekt som den gamle, ville gitt ny straum til 725 husstandar.

Verna vassdrag

Men NVE vil ikkje tillata at så mykje vatn vert lånt på toppen av fossen, og sleppt ut att nedanfor.

Tiltaket vil føra til sterkt redusert vassføring og endra straumtilhøve i og ved fossen, skriv NVE, og minner om at Vossavassdraget er verna, og dessutan eit nasjonalt laksevassdrag.

Vil berga laks

Det vert lagt ned store ressursar på å få opp att den verdfulle laksestamma.

NVE meiner at Raundalselva frå Palmafossen og 7–8 kilometer oppover er eigna som gytestrekning, og kan bli verdfull i arbeidet med å berga den utryddingstruga Vossolaksen.

Skuffa utbyggjar

— Vi er veldig skuffa, men vi vil ikkje kommentera saka nærare før vi har fått studera den fullstendige grunngjevinga frå NVE, seier marknadssjef Cecilie Ukvitne i Voss Energi AS.

Bt.no kjenner til at det særleg er ei utsegn i pressemeldinga frå NVE det vert stussa over; «... det er i dei seinare åra registrert naturleg rekruttering av laks oppstraums fossen, noko som tyder på at laksetrappa verkar.»

Trøblete laksetrapp

Naturleg rekruttering krev at minst to laksar forserar trappa. Når NVE ikkje slår fast at trappa verkar, sår det tvil om truverde til registreringa av gyting. Laksetrappa i Palmafossen er ombygd fordi den opphavlege ikkje verka.