Rådmannen vil venta til regionreforma er på plass i 2010, og prøva å få Jondalstunnelen finansiert som regionveg i staden for fylkesveg.

Han påpeikar at fylkeskommunen sin del av kostnaden svarar til ti heile fylkesvegprosjekt, og har rekna ut at Jondaltunnelen vil auka Hordaland fylkeskommune sine kapitalkostnader med opp mot 25 millionar kroner årleg i fleire år frå 2013.

Talmagi

Rådmannen legg Vegdirektoratet sine kostnadstal til grunn, sjølv om samferdsleminister Liv Signe Navarsete meiner at tunnelen kan byggjast billegare.

Statsråden baserer seg på utrekningar frå konsulentane som vart hyrt inn til kvalitetssikringa. Dei sette prisen til 685 millionar 2007-kroner.

Vegdirektoratet studerte rapporten og auka prisen til 780 millionar kroner. No har direktoratet gått ned til 730, som fylkesrådmannen legg til grunn. Dette svarar til 808 millionar «løpande» kroner utbetalt når tunnelen skulle stått ferdig i 2013.

Ny kalkyle er 279 millionar kroner meir enn fylkestinget vedtok i 2004.

Gir seg ikkje

Ordførar Sigrid Brattabø Handeland i Jondal og Inge Børslien i aksjonskomiteen for Jondalstunnelen jobbar hektisk for å samla fleirtal for tunnelprosjektet før onsdagens møte i Samferdsleutvalet.

– No må politikarane gjera det som gjerast kan for å få proposisjonen fram til Stortinget. Når tilboda kjem inn, får vi vita den reelle prisen. Utsetting gjer ikkje tunnelen billegare, seier Børslien.

– Fylkesmannen har inga god grunngjeving for å legga Vegdirektoratet sine tal til grunn, berre at fylket har tradisjon for å gjera det, seier Jondalsordføraren.

Ho ser ingen grunn til å oversjå den lågare prisen som uavhengige konsulentar har rekna ut, og som statsråden og departementet stiller seg bak.

Sigrid Brattabø Handeland er frykteleg skuffa over at fylkesrådmannen konkluderer med å la Jondalstunnelen bli regionvegprosjekt.

– Etter 15 års arbeid er vi ved målstreken, og vi vil ikkje finna oss i å bli sendt attende til start no. Å senda prosjektet bak i regionvegkøen, vil vera i strid med Stortinget sin rettferdstanke då overgangsordninga for store fylkesveganlegg vart vedteken i 2001, seier ho.

Glade naturvernarar

Naturvernforbundet Hordaland gler seg over fylkesrådmannen si innstilling. Dei har arbeidd for ein lengre tunnel, for å spara natur— og kulturverdiar i Nordrepollen på Kvinnheradsida.

– Å bygga Jondalstunnelen slik han no er planlagt, vil vera naturmessig og økonomisk uansvarleg, seier Kai Grieg i Naturvernforbundet.

Han meiner at kostnadene passerer 1,2 milliardar kroner når Torsnesbygda er skjerma med ein miljøtunnel og veg i dagen er rassikra. Dermed er utsetjing og regionvegfinansiering løysinga.

PRISEN STIG: På Kvinnherad-sida kjem Jondalstunnelen ut i Nordrepollen. Fylkesmannen vil gje opp Jondalstunnelen som fylkesveg, og gjera han om til regionveg.