Det er usikkert når bebuarane får flytte heim, melder Firda. Området sperra Politiet og teknisk etat sperra av området rundt husværa like etter at raset gjekk rundt klokka 13 søndag. — Det ligg meir stein i bakkant av det som no har rasa ut, seier formann i Kåsen burettslag, Arild Rørvik til Firda. Det var han som varsla kommunen om raset.