Dette er svært sjeldan kost, men det er store sjansar for at ein slik beskjed vil koma frå fylket dersom Kvinnherad kommunestyre torsdag seier nei til å løyva 19 millionar kroner.

Saman med 19 millionar frå fylkeskommunen, er det dette som no manglar før Jondalstunnelen har ein godkjent finansieringsplan.

I fylkesutvalet i går var det sterk frustrasjon over utviklinga i saka. Harmen låg rett under overflata i fleire innlegg, m.a. frå Tom-Christer Nilsen (H), Roald Steinseide (Frp), Magnar Lussand (Sp) og Gisle Handeland (Ap).

Tar ikkje diktat

Men kommunepolitikarane i Kvinnherad let seg ikkje diktera.

— Det kjem ikkje på tale for oss å gå med på 19 millionar til tunnelen, seier Ole Torbjørn Holmedal frå Frp.

— Jondalstunnelen er ikkje ei kommunal oppgåve. Her må staten inn, seier Arve Opsanger (SV).

— Ordførar Bjarne Berge bad oss om 12,5 millionar for kort tid sidan. Då sa vi nei, og no kjem han og vil ha 19 millionar?! seier Torfinn Myklebust frå Høgre.

Sterk uro

Ikkje desto mindre er det Kvinnherad sitt vedtak om lang tunnel utanom Nordrepollen frå 9. februar som har stogga framdrifta i saka om Jondalstunnelen.

Etter den tid har fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg og ordførar Bjarne Berge gjort ein avtale om at fylket og kommunen deler på meirutgiftene ved å byggja den Jondalstunnelen utanom Nordrepollen. Summen det handlar om er 38 millionar kroner.

Onsdag 8. mars gjekk samferdsleutvalet inn for at fylket tek eine halvparten. I går var viljen til dette framleis sterk i fylkesutvalet. Men det var sterk uro for at kommunestyret i Kvinnherad ikkje ville fylgja ordførar Bjarne Berge.

Det gjer ikkje saka enklare at fylkestinget har møte i dag, tysdag 14. mars, medan Kvinnherad gjer sitt vedtak torsdag 16. mars.

Tunnelen nullstilt att

— Vi skulle gjerne hatt vedtaket frå Kvinnherad før fylkestinget. Dersom vi går inn for å løyva 19 millionar kroner, og Kvinnherad seier nei til sin del, så er saka nullstilt att, seier Gisle Handeland, Ap.

Handeland føreslo at dersom Kvinnherad ikkje løyver dei 19 millionane, så ber fylkeskommunen om at Kvinnherad kommunestyre vedtar S 9-alternativet, altså veg gjennom Nordrepollen og det kortaste tunnelen fram til Torsnes i Jondal. Det er dette alternativet som ligg til grunn for den finansieringsplanen som vart vedteken i fylkestinget 4. mai 2005.

Summen er 529 millionar kroner.

Ordførar Bjarne Berge i Kvinnherad har kjempa hardt for å få tunnelen utanom Nordrepollen for å spara bygda for store landskapsinngrep. Han fekk knappast mogleg fleirtal for dette 9. februar. Men no ser det ut til at det same kommunestyre ikkje er villig til å vera med på å betala det dette kostar.