• Vi har god kontroll både på kva som er ført ut og kva som kjem heim, seier oberstløytnant Bjørn Løken.

Sjefen for transportavdelinga i Forsvarets Logistikkorganisasjon (FLO) seier det er det store volumet og det lange tidsspennet som gjer at tollklareringa for Afghanistan-utstyret blir utfordrande.

— Når utstyret kjem attende til Noreg nå, må vi matche dette med utførselen for ti år sidan. Det forstår vel alle at er ei utfordring, seier Løken.

- God dialog

Alt militært utstyr skal vere registrert i Forsvarets system for materiellreknskap, SAP.

— Alt som er ført ut av Noreg, har vi kontroll på. Alt som er attendeført til Noreg, har vi også kontroll på. Vi har nå ein god dialog med Toll- og avgiftsdirektoratet, og ventar til vi kjem fram til ei løysing, seier Løken. Han håpar at tollarane skal slå seg til ro med den dokumentasjonen som SAP-systemet representerer.

Underdirektør Louise Holtoug Amundsen i Toll— og avgiftsdirektoratet opplyste i går kveld at det er avtalt eit møte med Tollvesenet der Forsvaret skal gjere greie for situasjonen.

— Så vidt eg har skjønt, har det vore kontakt mellom FLO og Tollvesenet, og det ser ut til at den dokumentasjonen dei har kan vere tilstrekkeleg, seier Amundsen.

Fly og skip i år

Dei store mengdene med utstyr har ennå ikkje begynt å kome. I alt 20 store lastefly – amerikanske Globemaster C17 og russiske Antonov 124 – skal etter planen lande på Gardermoen før nyttår. Det skal også setjast opp provisoriske, store lagerhallar både Gardermoen og på Trandum. I desember kjem også eit skip med store mengder materiell til landet.

Heile operasjonen skal vere avslutta i løpet av neste år. Den stramme tidsplanen for attendetrekkinga blir trekt fram også i korrespondansen rundt tolltrøbbelet.

"Det anmodes om meget rask behandling grunnet den tidsplan som er fastlagt av politiske myndigheter for redeployering fra Afghanistan", skriv stabssjef Arild Dregelid i Forsvarets logistikkorganisasjon i sitt brev.