Import av brukte bilar, fortolling av postpakkar og ombygging av bilar. Alt krev tollaren sin kontroll og godkjenning. Heretter vil det skje i Haugesund, Bergen eller på internett.

Betre kommunikasjonar både elektronisk og innafor samferdsle har innhenta den tradisjonsrike tollen her til lands. 97 prosent av fortollingane går elektronisk.

Nordanger og kollega Åse Marie Steinsvåg på Stord har berre hatt 150 kontant-fortollingar det siste året.

— Det har etterkvart blitt meir og meir stille. På 80- og 90-talet var det stor aktivitet. Då hadde Stord 1500 gjestearbeidarar og fleire utanlandske firma etablerte seg. No har offshorenæringa omstrukturert seg, og aktiviteten har gått veldig ned, seier tollstadsjef Jarle Nordanger.

I dag ryddar tollarane i Odda og på Stord kontora. 14. mai følgjer Florø tollstad etter. Molde og Kristiansund blir også lagt ned i år. Ti tolldistrikt blir til seks regionar på landsbasis.