I ei pressemelding uttrykkjer regionvegsjef Helge Eidsnes stor forståing for dei som er råka av raset på fylkesveg 7 mellom Nordheimsund og Kvamskogen. Han lovar stort press på organisasjonen for ei raskast mogleg opning.

— Første prioritetet å sikre at dei som faktisk skal utføre oppryddingsarbeidet får gjort det under trygge omstende, seier Eidsnes.

— Så har eg sagt at det, så langt det er praktisk mogleg, skal vere aktivitet i Tokagjelet 24 timar i døgnet utanom søndag. Vi skal også vurdere om det kan innførast styrt trafikkavvikling i periodar før opninga.

Ny kontrakt

Tysdag signerte Vegvesenet kontrakt med Gjerden Fjellsikring, som skal stå for rydde- og sikringsjobben ved rasstaden. Ifølgje Vegvesenet har dei valt det selskapet som kan stille med flest ressursar og gjere oppryddinga raskast av alle.

— Andre har levert billegare tilbod, men omsynet til at dette skal gå raskt og ikkje minst sikkert har vore viktigare, seier seksjonsleiar Lars Øyre i Statens vegvesen.

- Omfattande

Bilistane må truleg likevel smørje seg med tolmod, for arbeidet kan ta opptil åtte veker. I verste fall kan ikkje vegen opnast før 9-10. november, ifølgje pressemeldinga. Det er snakk om omfattande arbeid, forklarar seksjonsleiar Øyre.

— Når så enorme massar er i røyrsle, og så mykje av fjellet forsvinn, er det stor grunn til å tru at det ligg igjen store mengder laus stein. Det er også truleg at det påverkar andre sprekker i veggen og faren for at nye og større parti kan rase ut er meir sannsynleg enn ved mindre ras, seier Øyre.

Arbeidarane må reinske bort lausmassar og vegetasjon for å få betre innsyn i sprekkdanningar og andre faremoment. Først når denne delen av renskejobben er gjort kan arbeidet med å sikre fjellet begynne.

- Dramatisk situasjon

Ordførar Asbjørn Tolo i Kvam har tidlegare uttalt seg kritisk om framdrifta til Vegvesenet. Han ønskjer nyhendene om kontrakta velkommen.

— Det har jo vore blanda meiningar om arbeidet så langt, og at det har gått ti dagar sidan raset å få på plass dette. At dei no går inn med ytterlegare ressursar og lovar døgnkontinuerleg arbeid sett eg veldig pris på, seier Tolo.

At fylkesveg 7 er stengd har store konsekvensar for både næringsliv og pendlarar i området.

— At ei så viktig strekning kan vere stengd i til saman to månader er ein veldig dramatisk situasjon, og me må jobba for at dette ikkje skjer igjen i framtida, seier ordføraren.

— Eg håper at innsatsen kan resultera i ei tidlegare opning.

- Nedprioritert

Terje Neteland, som driv firmaet T. Neteland bygg og betong med omsetning på Kvamskogen, merkar stenginga godt.

— Vi får oss ein ekstrakostnad på rundt 14.000 kroner i veka, det er ikkje til å stikke under ein stol. Men eg er ikkje meir utsett enn mange andre. Eg er ein av mange. Stenginga lammar heile samfunnet, seier Neteland.

Han meiner at hovudproblemet er at fylkesvegen er nedprioritert.

— Det er klart at vegen er nedprioritert. Del vil ha all trafikken over Hardangerbrua no, det er eg sikker på.

SPREKKDANNING: Biletet viser fjellsida over den rasstengde tunnelen.
Statens Vegvesen