Slikt kallar på den store vass-skrekken. Tining av vassrøyr i så sterk kulde er ingen innbydande tanke, særleg om isklumpen i røyret sit utandørs. Her gjeld det å koma først i køen hjå røyrleggjarar og gravemaskinkøyrarar.

Leidningsbrot

Heldigvis for huseigarane, var det Voss kommune som hadde stengt vatnet mandag morgon. Dei skulle reparera eit leidningsbrot i Sivlevegen.

— Vi måtte stengja vassforsyninga til eit stort område på vestsida av sentrum, og like til Hellesneset, halvvegs til Bulken, opplyser vakthavande i kommunen.

Manglar varsling

Der var det ikkje lett å koma fram i telefonen på morgonsida mondag. Ulempa på Voss er at kommunen ikkje har dataassistert telefonisk varslingsteneste, som til dømes i Bergen.

Leidningsbrotet vart oppdaga utpå ettermiddagen 2. juledag, og det vart arbeidd heile natta. Men publikum visste ingenting før det mangla vatn til morgonstellet.

1,3 meter tele

For gravemaskinkøyraren var asfalten i Sivlevegen det minste hinderet å passera. Under ligg 130 cm med tele, skapt av langvarig sprengkulde, dels utan isolerande snø.

Dei fleste fekk vatnet attende på føremiddagen. Dei siste to husa som vart tilkopla att, har avgreining frå hovudleidningen like ved leidningsbrotet.