— Tjuvar har klart å ta seg inn gjennom taket på Statoil-stasjonen, og har fått med seg tobakksvarer til ein verdi av minst 100.000 kroner, seier operasjonsleiar Terje Hilland i Hordaland politidistrikt.

I tillegg skal tjuvane ha tatt seg inn på eit kontor og fått med seg ein ukjend pengesum.

Krimteknikarar på veg

Politiførstebetjent Ivar Tveiten, som er på staden, fortel at tjuvane har skore seg gjennom taket.

Det er uvisst når på natta tjuveriet har skjedd.

— Tilsette oppdaga tjuveriet då dei kom på jobb i dag tidleg, seier Hilland.

Politiet har no bede om hjelp frå krimteknikarar frå Bergen.

— Me har sikra staden, og ventar på at dei skal koma, seier Tveiten.

Dagleg leiar ved bensinstasjonen, Liv Soma Langeland, vil ikkje kommentera saka nærmare.

— Eg kan bekrefta at det har vore eit tjuveri, men vil ikkje seia meir enn det, seier ho til bt.no.

Mogleg takbande

Politiet mistenkjer at ein takbande har vore på ferde i Rogaland den siste tida, etter innbrot i fem butikkar og bensinstasjonar. Tjuvane har i alle tilfella tatt seg inn gjennom taket, og har stole tobakk og pengar, skriv Rogalands Avis. Ifølgje avisa fryktar politiet at det er ein østeuropeisk liga som står bak.

Politiet vil undersøkja om innbrotet kan ha samanheng med tjuveria i Rogaland den siste tida.

— Det er klart at det kan vera ein samanheng her. Eg utelukker ikkje at me kontaktar Rogaland politidistrikt etter helga, seier lensmann Terje Kvalvik i Kvam.

Politiet er svært interesserte i tips frå publikum, og kan kontaktast på telefon 02800.

TAKTJUVERI: Tjuvane har kome seg inn ved å skjæra hol i taket på bensinstasjonen. Politiet etterlyser vitne i saka.
ARNSTEIN KARLSEN
AVSTENGT: Politiet i Øystese har sperra av området, og ventar på hjelp frå krimteknikarar.
ARNSTEIN KARLSEN