— Eg var oppe og spadde sist helg, kom tilbake tysdag, og no er eg her igjen.

Anette Indrebø frå Sotra, vinter- og skiturist i spikartelt på Kvamskogen sidan 1991, har skuffa bort det kvite trugsmålet frå taket, men ser med uro mot naboen sitt.

Ikkje sidan 1970 har det vore meir snø på Kvamskogen i januar.

Fryktar for taka

I går vart det målt 160 centimeter. Mange måtte droppe skituren og i staden sikre mosjonen på taket med snøskuffe mellom hendene, men kanskje ikkje mange nok: Rundt middagstider i går såg hundrevis av hytter framleis ut som kolossale blautkaker.

— Mange hytter som ikkje blir måkte ganske snart er i faresonen, sa Torkjell Kjosaas i den private Kvamskogen Vaktsentral. Kjosaas har sett mange hyttetak gå i løpet av sine 35 år i arbeid på Kvamskogen, og i går frykta han for fleire.

Vêrvarslinga på Vestlandet forventar plussgrader på Kvamskogen i dag og opp mot 40 millimeter nedbør det komande døgnet, truleg i form av regn.

  • Det blir i alle fall meir vatn i snøen, som dermed blir tyngre. Vi ventar byger utover søndagen. I fjellet vil regnet gå over til snø måndag igjen, ifølgje vakthavande meteorolog Ivar Hjellestad.

Flaumvarsel

Norges vassdrags og energidirektorat (NVE) sende torsdag ut flaumvarsel for helga for store delar av Vestlandet. Det er smeltevatn, i kombinasjon med nedbør, som skaper dei store vassmengdene.

Eit par private aktørar tar måkeoppdrag på Kvamskogen, men kapasiteten er låg. Tidlegare tok også Norheimsund hjelpekorps også eit tak her og der mot betaling.

— Folk ringer og tilbyr god betaling. Men vi har ikkje kapasitet. I går tok eg mi eiga hytte, i dag står eg her, fortalde Øyvind Valland, som var i full aktivitet med å gjere basen på Kvamskogen lettare.

— Det finst folk som har betalt ti tusen for ein sesong, fortalde Valland.

Men nede i spikerteltlandsbyen var dei fleste i gang med å redde seg sjølve i går, sjølv om ei og anna campingvogn såg underleg malplassert ut i snøhaugane.

  • Eg har aldri sett noko slikt! Kvar skal vi gjere av all snøen? Vi måkte reint i går og på nytt i dag, fortalde Liv Torsvik frå Øygarden.

Nokon var leie.

  • Få med at den er til sals, sa Paul Baardsen frå sitt tak like ved det servicebygget. Han lengta tilbake til godtstolen heime i Telavåg.

Snø og scrabble

Andre var meir entusiastiske.

  • Det er herleg! Det er jo dette vi vil, sa Morten Bjarnoll i det som må vere målarkvartalet.

— Vi er seks godt gifte ungkarar, alle målarmeistrar i området her, forklarte ein venn og kollega.

  • Det er fantastisk sosialt, konkluderte Bjarnoll, med frisk raudfarge i fjeset. Litt snømåking, kva er vel det, så lenge ein har det kjekt i lag, med litt godt å drikke og scrabble-lag (som dei omtalte det) på kveldane?

Anette Indrebø kastar eit nytt blikk på naboens nedsnødde tak.

Ho tar naboen sitt tak også. Gratis.