Ein 21-åring frå Bergen måtte sy fleire sår både i bakhovudet og i ansiktet, i tillegg til at nasen fekk seg ein kraftig smell. Nå er valdsbruken meldt til politiet.

Gjerningsmannen skal ha vore ein 20 år gammal kjenning av offeret, og han skal både ha sparka og brukt ei flaske til å slå med.

Dei to har også tidlegare vore i tottane på kvarandre: Offeret skal sjølv i tingretten med det første, tiltala for lekamsskading mot den same mannen som skal ha tatt hemn nyttårskvelden.