Turen stoppa på E39 i Vågsbotn klokka 20.20 søndag kveld, der ein politipatrulje kunne slå fast at sjåføren var full.

Promillen var på ca. 1, førarkort hadde mannen i byrjinga av 30-åra heller ikkje. Han vedgjekk også å vere rusa på amfetamin og tablettar.

Bilen han køyrde var for lengst avskilta, og var utstyrt med skilt frå ein annan bil.