På verdskongressen for kartografar i Durban i Sør-Afrika i går, blei eit fylkeskart for Rogaland kåra til det beste i klassen for topografiske kart. Kartet er laga ved Statens kartverk si avdeling i Leikanger.

Også på siste verdskongress, i Beijing i 2001, vann sognekartografane førstepremie. Den gongen var det eit turkart for Gloppen som vekte åtgaum.

— Dette viser at vi lagar kvalitet. Vi får håpe det blir lagt merke til, i tider der kontoret står i fare for å bli lagt ned, seier fylkeskartsjef Trygve Heggheim. Han siktar til at Stortinget rett før sommarferien handsama ei stortingsmelding der det går fram at talet på fylkeskartkontor skal reduserast frå 18 til 12.

Saman med eit kart frå Spania, var fylkeskartet for Rogaland det einaste som blei tildelt «Award for excellence in cartography» i klasse for topografiske kart.

— Vi blei visstnok ropt opp først. Mange tolka det som at vi var best av dei to premierte karta, fortel Heggheim.

Han er sjølv ikkje til stades på årets verdskongress, men fortel at klassen for topografiske kart alltid er den desidert største, og dermed også den vanskelegaste å vinne.

— Kor mange konkurrentar vi hadde i år, veit eg ikkje. Men i 2001 var 67 nasjonar med i konkurransen. Og dei fleste landa stilte med mange produkt, fortel fylkeskartsjefen.

I alt 16 norske bidrag var meldt inn til konkurransen som av mange blir sett på som eit uoffisielt verdsmeisterskap for kartografar. Fylkeskartet for Rogaland var einaste norske kartet som fekk premie.