– Tre personar er observert idet dei kjørte frå staden i ei mørk stasjonsvogn som kan vera av merket Nissan Primera, seier operasjonsleiar Per Rimmen i Sogn og Fjordane politidistrikt til bt.no.

Politiet fekk melding om innbrotet i Narvesen-kiosken klokka seks laurdag morgon. Nokon har sparka opp ei rute og deretter brote opp tre speleautomatar og tømt desse for pengar.

– Me er på staden no for å sikra spor. Men me ber om tips frå publikum i saka, seier Rimmen.