Dei raude rosene på kontorpulten inst i hjørnet er i ferd med å melde pass etter berre éin dag i den vesle Sydvesten-redaksjonen på Spelhaugen.

Så har det også vore ein tøff dag for mannen på kontorstolen. Redaktør og journalist Trond Olav Skrunes (30) vann eit prestisjefullt diplom på konferansen til Stiftelsen for en kritisk og undersøkende presse (SKUP) i helga.

Det var nesten som Davids kamp mot Goliat. I konkurranse med store redaksjonar med langt større ressursar, fekk Skrunes diplomet for sitt arbeid med den såkalla «glattcelle»-saka i 2004.

— Frykteleg gøy. Nesten litt for godt til å vere sant, seier Skrunes til BT.

Begynte med ein notis

Alle ville ha ein bit av prisvinnaren i går: TV2, NRK, fagbladet Journalisten, BA og BT kom i tur og orden. Samtidig stressa Skrunes med å gjere ferdig tysdagsutgåva av si eiga avis. For første gong er redaktøren sjølv på førstesida.

— Kan BT-redaksjonen kåre sin eigen redaktør til Bergens nest mektigaste mann, så kan vel eg bli hovudoppslag i mi eiga avisa, konkluderer Skrunes tørt.

«Glattcelle»-saka begynte med ein notis og eit lesarbrev frå ei uroleg mor. Brevet kom aldri på trykk. I staden skreiv redaktøren ein artikkelserie om politiets maktbruk overfor barn.

I april i fjor vart seks 14- og 15-åringar ulovleg pågripne for innbrot på Ortun skule, og kasta på glattcelle. Gutane vart avhøyrde utan at foreldre, barnevern, advokat eller andre var til stades.

- Ville vore pisseredd sjølv

Politiet vart frikjende, mens Sydvesten-redaktøren ikkje slo seg til ro med Sefo-rapporten.

— Eg stilte spørsmål ved vurderingane til Statsadvokaten og Sefo, fordi eg meinte at dei tolka lova feil. Det gav Riksadvokaten meg langt på veg rett i.

— Kva var grunnen til at du «beit deg fast» i denne saka?

— Eg tenkte på foreldra til gutane, at dette kunne ha vore mine barn. Og eg tenkte at eg sjølv som 14-åring ville ha vore pisseredd om eg plutseleg hadde hamna på glattcelle med handjarn.

Som følge av Skrunes' kritiske og gravande journalistikk, fann Riksadvokaten det fann naudsynt å presisere at det er ulovleg å pågripe barn under 15 år.

I tillegg har Riksadvokaten bede lovavdelinga i Justisdepartementet om å vurdere ei presisering av lovverket. Saka er lagt vekk som eit ikkje straffbart forhold.

— Det er ingen tvil om at desse gutungane ikkje stod bak innbrotet, seier Skrunes til BT.

- Gøy for andre lokalaviser

Skrunes, som kjem frå Tysvær i Rogaland, begynte som frilansjournalist i 1993. I 1998 var han nyheitsredaktør i StudVest, og dei siste seks åra har han vore redaktør for lokalavisa for Fyllingsdalen og Laksevåg.

Sydvesten har eit opplag på 2200, og sju tilsette. Av desse er to journalistar.

— Eg må ærleg innrømme at eg aldri hadde trudd at det gjekk an å få SKUP-diplomet i ein så liten redaksjon. Ein av dei første som ringde og gratulerte meg var leiaren i Landslaget for lokalaviser. Dette er gøy også for andre små aviser.