— I etterpåklokskapens lys burde eg sjølvsagt gjort det, sa den tiltalte 60-åringen under gårsdagens rettssak.

Kripos-etterforskar Lars Magne Gjertsen slo fast at hadde sikringa vore på, ville det ikkje vore råd å avfyre skot. Gjertsen har undersøkt våpenet, og møtte i retten som sakkunnig. Undersøkingane viser at det ikkje var tekniske feil ved pistolen som blei brukt.

— Vi har testa om våpenet kunne gå av om det fekk ein støyt. Det gjorde det ikkje, fortalde Gjertsen.

Han meinte det ville vere heilt uråd at skotet hadde gått av berre som følgje av at sluttstykket slo fram att.