— Dei har hatt det veldig bra, seier far Vidar Bjotveit etter å ha fått borna heim frå ein tur dei seint vil gløyme.

I går ettermiddag kunne to av rasoffera ta bil mot Sogndal etter at vegstykket nærast Fjærlandstunnelen blei opna. Dei to blei berga med båt over Kjøsnesfjorden til tryggleik på Søgnesand den dramatiske søndagskvelden. Dei tre andre og søskena Signe og Gudmund fekk helikoptertur andre retninga, der vegen framleis er stengd, til Skei i Jølster.

Kjende seg trygge

Gudmund og Signe hadde overnatta hos Hilde og Ragnvald Søgnesand frå laurdag til søndag.

— Det er klart at det går inn på både barn og vaksne når slikt skjer. Enkelte ting kan kanskje bli litt vel spennande for små barnesinn, som for eksempel helikoptertur utan mor og far. Men dei har kjent seg trygge heile tida.

Søndag ettermiddag var foreldra på veg til Søgnesand for å hente dei to små, men då dei såg vêrforholda, fekk dei bange aningar.

— Vi ringde til Søgnesand frå andre tunnelen. Der kunne dei fortelje at dei såg rasa gjekk. Då bestemte vi oss for å snu, seier Vidar Bjotveit, som i ettertid ikkje ankar på den avgjerda.

— Vi var heldige med mange ting den kvelden.

Hadde dei halde fram, ville det truleg ha vore 33, og ikkje 32, bilar som blei sperra inne.

Køyrde og rygga

Mellom rasoffera som forlét Søgnesand via helikopter i går var også Alf Rogne frå Valderøy på Sunnmøre. Han skulle på jobboppdrag på flyplassen i Sogndal, men det blei ein heilt anna tur enn han hadde tenkt. Rogne køyrde inn i rasområdet på verst moglege tidspunkt.

— Eg såg rasa kome oppe i fjellsida. Eg rygga bakover for å kome unna, og eg køyrde framover for å kome unna. Men til slutt stod eg bom fast, fortel han.

Sunnmøringen var mellom dei innesperra som blei berga over til Søgnesand søndag kveld. Folket på Søgnesand sette den 15 fots plastbåten på vatnet då dei skjønte alvoret i situasjonen som utspelte seg på andre sida av Kjøsnesfjorden, ein arm av Jølstravatnet. Ein familie frå Sogndal med to vaksne og to barn greidde dei ikkje å redde ut. Då hadde vêret blitt så dårleg at dei ikkje våga seg utpå med den vesle båten. Over telefon dirigerte Ola Søgnesand familien til ein trygg plass. Litt seinare blei sogndalsfamilien redda av ein større båt, og skyssa til Lunde inst i Kjøsnesfjorden.

Hatt det fantastisk

På andre sida av Kjøsnesfjorden kan Alf Rogne sjå vegen der rasa gjekk i eitt søndag ettermiddag og kveld. Der står framleis bilen, og den får han neppe ut før tidlegast i morgon. Men det er ikkje så nøye, det viktigaste er at det enda bra. Han legg ikkje skjul på at det var tre lite behagelege timar søndag.

— Det var heilt utruleg. Det er slikt ein berre les og høyrer om, seier han.

I går ettermiddag var Bergens Tidende med då Rogne og dei andre blei henta ut med helikopter frå garden som ligg på andre sida av Kjøsnesfjorden for riksvegen.

— Her har vi hatt dei heilt fenomenalt, seier Rogne idet han står klar til å gå om bord i Airlift-helikopteret som nett har landa.

Folketalet på Søgnesand blei meir enn dobla søndag kveld. Normalt bur det ti personar i den vesle grenda. Men frå før var seks personar på besøk. I tillegg kom fem andre gjester som resultat av rasa som sperra inne 32 bilar og 68 personar i timevis. Både kjellar, loft og ei campingvogn blei tatt i bruk for å hyse dei losjerande.

Mest leste saker i dag: Å nei, enda en magesjau! - 9228 Fikk se hvordan Ingse ble drept - 8447 - Jeg har jobbet i massegraver - 5683 - Så barnebilder ved avdøde - 4994 Toyota Prius ble "Årets bil 2005" - 4911 Miniubåt søker etter 54-åring - 4893 - Flere vitner så Saab - 4003 Vann og flom stengte veier - 3216 Ola reddet rasofre over fjorden - 2658 Skamløs kitschroman - 2603 Skaffet seg nytt hus - fikk død mann på kjøpet - 2462 Kapitalistenes godt betalte lakei - 2092 Thor-Einar trente seg tilbake til full jobb - 1975 Overnattet i Fjærlandstunnelen - 1650 - Burde aldri vært publisert - 1460 I besteforeldrenes fotspor - 1430 PÅ VEG HEIM: Hilde og Ragnvald Søgnesand følgjer søskenparet Signe og Gudmund Bjotveit til det ventande helikopteret på Søgnesand.