PER MARIFJÆREN

Fortun kyrkje i Luster var aldeles fullsett under den gripande minnegudstenesta. Trekyrkja rommar normalt rundt 200 menneske, men i går pressa nær 350 seg inn ved hjelp av ekstra benker og stolar. I tillegg følgde folk seremonien ståande langs veggene i skipet, i våpenhuset og på galleriet.

— Dei som stod nærast rundt han kjenner det so uverkeleg, men samstundes altfor verkeleg, sa sokneprest Geir Paulsen i sitt minneord. - Tv-skjermen brakte bileta inn i stove og sinn. So mange, so overveldande, so mykje død og liding! Og midt i dette: ein av våre. Det er mest ikkje ord att, ikkje tårer, plassen hans er tom. Me lyt prøve å samle oss til felles minne, felles sakn.

Soknepresten snakka også om eventyraren Ole, som reiste og opplevde og kom tilbake for å overta familiehotellet på Turtagrø, opplevde at det brann ned og bygde det opp att på rekordtid så det stod ferdig i 2002.

— Eit sveip over hans korte livsløp fortel om aktivitet, om vilje og om styrke, sa Paulsen.

Soknepresten bar også fram helsingar frå den næraste familien, blant anna den fire år gamle dottera hans, Sofie, i form av roser og ei teikning.

Ole Berge Drægni hadde eit breitt kontaktnett, og dette viste blant anna igjen då ei rekke kollegar, samarbeidspartnarar og vener la ned kransar.

Seremonien vart avslutta med prosesjon ut til grava, der Oles bror Thomas bar urna.

Ole Berge Drægni miste livet 26. desember 2004, på dagen 40 år etter at han vart døypt, nettopp i Fortun kyrkje i Luster.