Elleve år gammal slutta han på skulen. Frå då av fekk av heimeundervisning av foreldra som dreiv leirskule på Dyrkolbotn i Lindås. To år seinare, som trettenåring, overtok han garden Botnane, der oppe i fjellet. Våren 2004 byrja Sjur på Universitetet, knapt 17 år gammal. På knapt to år har han skaffa seg studiepoeng tilsvarande 9,5 års fulltidsstudiar.

Han har ikkje berre teke juridisk embetseksamen, men også studert ei rekkje andre fag som matematikk, historie, fysikk, informatikk, statistikk, lingvistikk, datalingvistikk og filosofi.

Vil studera realfag

– Eg kjem nok til å halda fram med å studera realfag, det er det som interesserer meg mest. Og så vil eg prøva å forbetra karakteren på siste avdeling jus, eg fekk D, fortel den unge mannen. Han labbar rundt på Dyrkolbotn fjellstove på sokkeleisten.

Det er heimebanen hans dette her. Rundt seg har han far og mor og fleire søsken. Han er ikkje einaste juristen i familien, og ikkje den einaste som har kappa svingane i utdanningssystemet. Men han er den som har gjort det grundigast.

Grunnen til at det har gått så rasande fort, heiter Kvalitetsreforma. Sjur Dyrkolbotn likar ikkje denne nyordninga som krev at studentane må bu i byen, følgja førelesingar og delta i gruppearbeid for å få lov til å gå opp til eksamen.

– Ordninga er diskriminerande for alle som ønskjer å organisera livet sitt på ein annan måte. Det burde vera mogeleg for dei som ønskjer det, å studera på eiga hand, seier han.

Han fekk ikkje studera historie, slik han først hadde tenkt. På jus fanst det overgangsordningar som gjorde det mogeleg å kombinera studiane med livet heime på garden.

– Men eg har hybel i byen. Familien har hjelpt til med gardsarbeidet. På den måten har eg fått med meg ein del oppsummerande førelesingar, fortel han.

Ikkje heilt spesielt glup

Den nyutdanna juristen vil ikkje vera med på at han er heilt spesielt glup. Hans prestasjonar har først og fremst med skulegongen hans å gjera, meiner han, det at han hadde heimeundervisning i viktige grunnskuleår.

Faren, Otto Dyrkolbotn forklarer: – All undervisninga Sjur fekk frå han var tolv år, tok utgangspunkt i lokale problemstillingar, i saker og hendingar i vårt eige distrikt. Han lærte å skaffa seg kunnskap og å formidla kunnskap. Han skreiv ei rekkje artiklar og debattinnlegg som viste seg å vera god trening for dei universitetsstudiane han no har bak seg. Hans prestasjonar handlar ikkje om genar. Tusenvis av andre unge kunne ha gjort det same om nokon berre gav dei nøkkelen til ein annan måte å læra på, seier Otto.

Sjur meiner han har ein meir kritisk innfallsvinkel til samfunnet omkring seg enn han ville hatt om han hadde gått i den vanlege skulen. Dei fleste avhandlingane han har skrive som student, omhandlar kontroversielle tema. Han har blant anna skrive om den lokale krigshistoria som utelet viktig informasjon om omstridde personar, og om forvalting av lokale vassdragsressursar. Det siste handlar om bygdepolitikk, og det er han spesielt oppteken av.

Mest oppteken av bøndene

Treng bygdene ein ny Aksjon Bygde-Noreg? Det er temaet for møtet som går føre seg på fjellstova når vi kjem for å snakka med Sjur. Han vil helst ikkje ha så mykje blest om seg og sine bragder. Han vil at dei utsende journalistane heller skal skriva om dei vanskelege tilhøva for bøndene, om korleis storsamfunnet tappar bygdene for ressursar, og om dei mange hindringane for utvikling av bygdene.

– Slik det no ser ut, kan eg neppe bli buande på garden min. Men det er her eg kjem ifrå, det er her eg høyrer til. Tilhøva burde vera slik at eg kunne bli her om eg ville, seier han.

Vi vil gjerne tilbake til dette med studiane, vil vita om han er ein spesielt strukturert person, sidan han kan visa til ein slik enorm studieeffektivitet.

– Det handlar nok meir om mangel på struktur, svarar juristen, som særleg siste halvåret har guffa på noko veldig: Siste semesteret har han skaffa seg ikkje mindre enn 165 studiepoeng, som tilsvarar bortimot tre års fulltidsstudiar. Det vanlege er å skaffa seg 30 studiepoeng per semester.

– Heilt eksepsjonelt

– Det er heilt eksepsjonelt at ein så ung mann tar jusstudiet på så kort tid. Det er ein stor prestasjon, seier Ernst Nordtveit, dekanus ved Det juridiske fakultet, til Bergens Tidende. Vanlegvis brukar studentane seks år på jusstudiet.

– At han som ferdig utdanna er yngre enn dei aller fleste som byrjar på studiet, seier vel sitt, seier Nordtveit.

SUPERSTUDENT: På to år har Sjur Dyrkolbotn (18) teke juridisk embetseksamen og i alt samla seg studiepoeng tilsvarande 9,5 års fulltidsstudium på universitetet. Det er ikkje fordi han er spesielt glup, meiner han sjølv.
Amundsen, Paul S.