Ein 24 år gammal mann er i Fjordane tingrett dømd for å ha tatt matteeksamen i namnet åt bror sin.

Han hadde meldt opp bror sin til eksamen i matematikk MX 3, men møtte sjølv opp i Bergen 16. Mai i fjor. Oppgåva skreiv han i broren sitt namn.

24-åringen tilsto fusket utan atterhald. Det meinte retten var formildande. Likevel er saka for alvorleg til at han kunne sleppe unna med ei bot, meiner retten.

Mannen får difor 14 dagars fengsel på vilkår i tillegg til ei bot på 2.500 kroner.