Køyreturen vart kort, men braket desto kraftigare. Bensinpumpa nekta å la seg slepa vekk, og fekk stygg medfart.

Kveldsskiftet på ein av Essostasjonane på Voss fekk ein støkk rett før stengetid laurdag kveld. Og stasjonen fekk redusert pumpekapasitet i pinsetrafikken.

Mellombels ute

«Midlertidig ute av drift,» står det på gul lapp på den traspa bensinpumpa.

Men det skal ikkje store ekspertisen til å tippa at driftststansen kan bli permanent, for denne pumpa sitt vedkomande. Dei omfattande skadane kan lett føra til modernisering, med ny pumpe på plass så snart det let seg gjera, etter pinse.

— Kva har skjedd?

— Det var ein som tok bensinpumpa med seg, for å seia det slik, blir det opplyst ved disken.

Stakk ikkje av

Dei ser på episoden som eit hendeleg uhell, ikkje skadeverk. Den uvørne bensinfyllinga gjekk føre seg seint på kveld. Den uheldige bilisten gløymde rett og slett å setja pistolen attende på plass etter bensinfyllinga, men let han bli ståande i påfyllingsholet på bilen. Då han køyrde, gav slangen ikkje etter, og bensinpumpa måtte ta støyten.

Bilisten stogga straks og kontakta personalet på bensinstasjonen.

Har du sett noko liknande? Skriv gjerne nokre ord i feltet under!