— Og endå skal eg ha vekk nokre nokre kilo til, forsikrar butikkeigaren frå Bergen.

Klinge var den første mannen som blei operert for fedme ved Førde sentralsjukehus, einaste sjukehuset i landet som tilbyr operasjonar som behandling mot sjukleg overvekt. Då Klinge i fjor la seg under knivane til kirurgane i Førde var han 175 centimeter høg og 125 kilo tung.

Ville ikkje overlevd

— Eg hadde store pustevanskar. Eg kunne ikkje gjere noko før sveitten rann. Når eg skulle ete middag måtte eg ha ein handduk i fanget for å tørke sveitte. Hadde eg ikkje fått operasjonen, trur eg faren var stor for at eg ikkje hadde overlevd. Eg var rett og slett i ferd med å sovne inn, fortel Klinge.

Halvanna år seinare er livet snudd til det betre. Frå å vere 100 prosent sjukmeld og stå med uførepensjonen i eine handa, er ein snart 40 kilo lettare eigar av «Mathuset Per Klinge» i ferd med å komme tilbake til eit normalt arbeidsliv.

— Framleis er eg ikkje tilbake i full jobb, men det skal eg klare. Men at eg enno ikkje er fullt arbeidsfør skuldast andre plager, og ikkje overvekta. Hadde det vore for fedme åleine, ville eg for lengst vore friskmeld, seier Klinge.

Slankekurar

55-åringen gjekk gjennom fleire slankekurar før han fekk tilbod om operasjon. Ingen av kurane var til hjelp. Sjølv har han ingen forklaring på kvifor han enda opp som overvektig.

— Eg har i alle fall ikkje ete det på meg. Ingen doktrar har vore i stand til å gje ei eksakt forklaring på kvifor eg blei så tjukk. Det finst teoriar, men ingen veit sikkert, seier Klinge, som fortel at han var ein lukkeleg mann då han blei trilla inn på operasjonsbordet i Førde i fjor.

— Eg var så langt nede at eg såg operasjonen som siste utveg.

Etterpå har det gått over all forventning. Den første tida gjekk vekta så fort ned at Klinge måtte avgrense vekttapet. Litt ekstra tilførsel av brus og sukker gjorde jobben.

— Poenget er at no greier eg å kontrollere dette sjølv, seier han.

Uforståeleg

I går blei det, så langt, siste inngrepet mot overvekt utført ved Førde sentralsjukehus. Staten vil berre betale ein tredel av dei 90.000 kronene ein slik operasjon kostar. Dermed har ikkje sjukehuset i Førde råd til å halde fram med operasjonane, sjølv om dei har ei liste på langt over 100 personar som har søkt.

Klinge berre ristar på hovudet av gårsdagens oppslag i Bergens Tidende om Kari Apeland som den siste som får hjelp mot overvekt i Norge.

— Det er i slike stunder eg alvorleg lurer på om eg gjekk glipp av nokre reknetimar på skulen. Det er snakk om å sende desse pasientane til Sverige eller Spania. Då må staten betale 190.000 kroner for ein slik operasjon. Her i landet er det altså 100.000 billegare, berre for sjølve operasjonen. Så kjem reise i tillegg. Og kva om noko skulle inntreffe? Og vil Rikstrygdeverket betale for at familiemedlemer kan vere med til Spania?

Tap opp og tap i mente

Klinge meiner stopp i fedmeinngrep i Førde er tap opp og tap i mente for alle - staten, samfunnet, enkeltpasientane og deira familie og vener. Sjukleg overvektige blir sjukmelde, må på attføring og rehabilitering og endar ofte opp som uføretrygda. I tillegg får dei som regel andre plager som treng medisinsk behandling.

Klinge trur dessutan mange overvektige vil tenkje seg om to gonger, før dei takkar ja til å reise til utlandet for å få gjort inngrepet.

— Det er når slike saker dukkar opp folk berre ristar på hovudet av politikarane, seier Per Klinge.

EIT NYTT LIV: Operasjon mot overvekt gav Per Klinge eit nytt liv. Han meiner alle partar tapar på at det einaste tilbodet om fedmeoperasjon i Norge blir avvikla ved Førde sentralsjukehus.<p/>FOTO: KNUT EGIL WANG