Barnevernet i Kvinnherad reagerte med å engasjera politiet for å returnera jenta til Igelsrud senter for omsorg, opplæring og behandling ved Gjøvik.

— Eg har sjølv vore rusmisbrukar, men har lagt det bak meg. Eg let meg ikkje trakka på som mor. Barnevernet er ansvarleg. Dei må ta meg for den eg er i dag, seier Rita Nordnes til Bergens Tidende.

Rus fleire helger

Rita Nordnes drog over fjellet til Igelsrud og henta dottera i slutten av februar. Då hadde ho gjennom telefonsamtalar fått greie på at jentungen var rusa fleire helger.

Rita Nordnes kravde at institusjonen dreiv strengare kontroll, og at det blei teke urinprøve av dottera. Ho hadde mistanke om at ho rusa seg på tablettar i tillegg til øl. Dei ansvarlege nekta prøvetaking. Og rusinga heldt fram.

Etter heimkomst til Kvinnherad fekk Nordnes teke prøve av jenta. Prøven synte spor av det narkotiske virkestoffet i Rohypnol. Før 14-åringen i samråd med mora blei sendt til Igelsrud i haust hadde ho ikkje rusproblem.

Spesialskule for jenter

Igelsrud på Øvre Toten er ein gammal spesialskule for jenter, som er gjort om til omsorg- og opplæringssenter for ungdom med problemoppvekst. Stiftinga har berre plass til fire bebuarar. Derfor er døgnprisen høg, 3700 kroner per person, betalt av heimkommune og fylkeskommune.

— Slike saker har fleire sider. Det er einaste kommentaren ansvarleg leiar og barnevernpedagog Vigdis N. Amundsen ved Igelsrud vil gje til Nordnes-saka.

— Generelt kan eg seia at Igelsrud tek seg av ungdom i 14-15-årsalderen, og at vi ikkje i det heile aksepterer at dei går ut og rusar seg.

— Samstundes er dette ein open institusjon. Ungdommane har fridom. Vi arbeider tett med dei, har struktur på huset og set grenser. Vi prøver alt vi kan for å hindra dei i å gå i bestemte miljø, men har ingen straffereaksjonar. Målet er at dei skal integrerast i det vanlege samfunnet, seier Vigdis N. Amundsen.

- Tunge klientar

— Eg opplever at Igelsrud har eit engasjert personale som har stått på og gjort ein heiderleg innsats for jentene. Senteret har fått tunge klientar, og har slite kraftig med det. Men tilstandsrapportane har ikkje vore negative, seier barnevernsdirektøren i Hordaland, Arne Andersen.

Gundersen var styreleiar for Igelsrud fram til hausten 2000, då Hordaland trekte seg ut av det formaliserte samarbeidet.

Igelsrud satsar på tett kontakt med foreldra, og har som ideologi å «fremme ungdommens individuelle vekst i et miljø preget av samspill, utvikling og trivsel».

Barnevernsleiar Monika Haugland Solheim i Kvinnherad er ikkje tilgjengeleg verken på telefon eller epost når Bergens Tidende ønskjer reaksjonar på skuldingane frå Rita Nordnes.

Barnevernet trekte tilbake kravet om at politiet skulle bringa 14-åringen tilbake til Igelsrud. Jenta bur no heime og går på skule i Kvinnherad.

Etter det Bergens Tidende kjenner til har både barnevernstenesta i Kvinnherad og Fylkesnemnda for sosiale saker i Hordaland og Sogn og Fjordane vedgått at plasseringa av 14-åringen på Igelsrud hadde nokre uheldige sider og ikkje var eit fullgodt tilbod for jenta. Likevel ville dei tilbakeføra 14-åringen for å fullføra opphaldet på institusjonen.

Barnevernstenesta vil ikkje dekkja Rita Nordnes sine utgifter med å henta dottera ut av institusjonen. Det forholdet har advokaten hennar anka til kommuneleiinga.

GREIP INN: Rita Nordnes trassa barnevernet og henta heim dottera frå institusjonen der rusing var eit gjentakande problem.
Foto: Ove Olderkjær