Heile 623 sjåførar i Hordaland fekk førarkortet inndrege i 2010. Fylkeslegen meiner det burde vore fleire.

— Fleire eldre burde sjølv levera inn førarkortet, seier assisterande fylkeslege Signe Marit Tørressen Gajek til bt.no.

Fylkesmannen sendte 623 tilrådingar til politiet om inndraging av førarkortet til bilførarar som ikkje fyller helsekrava. Fylkesmannen i Hordaland handsama til saman 1767 førarkortsaker i fjor.

Om lag halvparten gjeld søknad om dispensasjon frå helsekrava. Resten er rådgjeving og meldingar til politiet med tilråding om å inndra førarkortet.

Statistikk for 2010 frå heile Norge viser at fylkesmennene handsama 23 069 førarkortsaker i 2010. Dette er ei auke på meir enn 15 prosent frå 2009, skriv fylkeslegen i ei pressemelding.

— Bør ta fleire i Hordaland

Det er stor skilnad på fylka når det gjeld tal på førarkortsaker i høve til folketalet. Tal frå dei siste åra viser at Fylkesmannen i Hordaland har relativt få saker om inndraging av førarkort.

— Langt under halvparten av dei som blir fråteke førarkortet er eldre bilførar over 70 år. Det er særskilt i dei eldste aldersgruppene det er få meldingar i Hordaland, samanlikna med kva vi kunne vente, seier assisterande fylkeslege Signe Marit Tørressen Gajek til bt.no.

Det er legar, psykologar og optikarar som har plikt til å varsle Fylkesmannen om personar som ikkje oppfyller helsekrava til førarkort.

Meldeplikta gjeld òg der eldre bilførarar ikkje får ny helseattest av legen. Som helsepersonell er legen pliktig til å sende melding sjølv om bilføraren aksepterer at han eller ho skal slutte å køyre.,

— Kvifor trur du det er ei underrapportering i Hordaland?

— Det veit eg ikkje, men det kan vera vi ikkje har vore flinke nok til å informera legane, samstundes med at legane ikkje er flinke nok til å overholde meldplikten, seier Gajek.

— Du kan mista lappen av diabetes

Fylkesmannen gav 750 personar dispensasjon frå helsekrava til førarkort. 55 fekk delvis dispensasjon, medan 69 fekk avslag på dispensasjon.

— Du kan få køyra bil sjølv om du ikkje fyller helsekravea. Dersom du til dømes har fått behandling etter eit hjerneslag og er godt restituert, kan du få dispensasjon. For å køyra store køyretøy er det ekstra strenge krav. Får du diabetes og du er bussjåfør, fyller du ikke helsekravene, seier Gajek

Meiner du legane bør ta førarkortet frå fleire eldre sjåførar?