ERLEND SPURKELAND

«Olavson» har fått ein kjempestart på sesongen. 18 dyr på to veker er oppsiktsvekkande bra, sjølv blant garva kvalfolk. Mens dei andre skutene hittil rapporterer om berre halvparten så store fangstar.

Kjem nærare

Årsaka til suksessen synest klar: 70 fot store «Olavsson» er stillare, den bråkar mindre.

Kvalen er veldig var på lyd, og særleg endring i lyden.

— Dette er gode greier. Kvalen reagerer mindre på oss no, slik at me kjem nærare enn med den gamle treskuta «Feie», fortel ein beskjeden, men fornøgd maskinist Olav Nilsen Husa på skurrande mobiltelefon frå feltet sørvestom Egersund.

Sandwich

Den 70 fot store kvalskuta er bygt i sju cm tjukk sandwichplast. Dette saman med skrogforma og stor saktegåande propell gjer at skuta lagar mindre lyd i sjøen, og det vert lettare å «snika» seg inn på kvalen. Oddvar Nilsen Husa, skippar og medredar saman med broren Jan Nilsen, synest også resultata er hittil i år er «veldig gode». Men vil som sindige fangstmenn venta til sesongen er over før dei heilt bombastisk slår fast kvalbåtsuksessen.

Direkte sal

Toktet i Nordsjøen er første kvaltur for 25 mill dyre «Olavson». Båten vart levert frå Mundal båtbyggeri på Radøy i februar i år, og er den eine av to kvalbåtar att på Fedje. I helga kom den og mannskapet på seks heim med over 25 tonn prima kjøt, og onsdag startar salet frå eige mottak og pakkeri på Holmen på Fedje. Totalt har Fedje-båten ein kvote på 40 vågekval i år.

— Vi reknar med å dra ut igjen etter resten om ein fjorten dagars tid, seier Olav N. Husa.

STILLEGÅNDE: Olav Nilsen Husa meiner det er båten «Olavsson» som skal ha æra for at dei har teke langt fleire kvalar enn dei andre båtane på feltet. Den nye båten er svært stillegåande – ein enorm fordel sidan kvalen er var på lydar. Dette biletet vart teke då «Olavsson» var sett på sjøen i februar.<p/> ARKIVFOTO: ERLEND SPURKELAND