På Voss skal ein ny bite av Bergensbanen på plass. Innkøyringa til Voss stasjon frå vest blir beinare når jernbansporet vert lagt oppe på taket av den nye kulverten som skal føra E16-trafikken i tunnel forbi Vangen.

— Det aller meste av vedlikehalds- og fornyingsarbeidet vårt vert gjort medan trafikken går som normalt, men det går så tett med tog på Bergensbanen at det blir korte arbeidsøkter. Difor må vi i periodar skaffa oss meir rom ved å erstatta nokre tog med buss. Og eit par gonger i året må vi ta eit ekstra tak, seier informasjonssjef Inge Hjertaas i Jernbaneverket Sør/Vest.

Nøye planlagt

Denne helga er det klart for arbeid på Hønefoss, i Gravhalsen tunnel ved Myrdal og fleire stader på Vossebanen. Det som kan gjerast medan torgtrafikken går, er gjort klart på førehand. I arbeidshelga set ein alle klutar til, fjernar skinner og sviller, set inn nye komponentar, og set banen i stand att til sundagstrafikken kjem rullande.

På Voss stasjon kjem også arbeid med plattformene i gang denne helga, som andre lekk i eit 100-millionarsprosjekt som blir ferdig til jul neste år.

Her er resten av den lange arbeidslista:

  • På Hønefoss stasjon sjkal sikringsanlegget byggjast om.
  • På Trengereid skal ei bru bytast ut.
  • Ved Dale og Bulken skal to bruer overflatebehandlast.
  • Mellom Arna og Trengereid skal det gravast grøfter som drenerer ut vatn og hindrar isdanning.
  • Mellom Evanger og Bolstadøyri skal det bytast skjener.
  • I Gravhalsen tunnel skal det utførast fjellrensk.
  • I Ulriken tunnel skal det monterast plater mot vasslekkasjar.
  • På Bergen stasjon skal det skiftast glasplater i det boga taket.. Buss for tog

Med nokre få unntak får passasjerane tilbod om busstransport på togbilletten. Blant unntaka er vestgåande nattog natt til laurdag, og stasjonane som er utan bilveg blir utan samband: Vieren, Uppsete, Hallingskeid og Finse. Bussen opp Raundalen snur på Mjølfjell. Myrdal kan nåast med Flåmsbana.

Hjertaas minner om at togfri Bergensbane ikkje gir fritt leide til å kryssa eller opphalda seg på sporet. Arbeidet medfører stor trafikk av arbeidstog av ulike slag. For desse har ikkje publikum rutetabell å halda seg til. Det kan koma tog til ei kvar tid.