Dei omfattande skadane gjorde strekninga straumlaus. Dermed vart det full stopp i togtrafikken mellom Voss og Arna. Skadane er enno ikkje utbetra, og NSB reknar ikkje med at linjene er klare til nattoga. NSB vel difor å køyra nattoga med diesellokomotiv.

Passasjerane blei på grunn av dette frakta med buss mellom Voss og Arna. Togtrafikken mellom Arna og Bergen gjekk som normalt.

— Vi beklagar dei ulempene dette medfører for passasjerane våre. Dei har blitt forseinkingar på inntil 15 minutt på lokaltrafikken. Passasjerane har måtta bli transportert i buss, med dei ulemper det har, fortel vakthavande informasjonssjef Mari Øvrebø i NSB til bt.no.