Kostnadsbomba ligg i køyreleidningsnettet. Jernbaneverket har gått nærare gjennom planane og innsett at det ikkje har noko for seg å lappa på leidningane som heng over spora i dag. Heilt nytt leidningsnett må på plass.

Dobbelt så dyrt

— Vi har sendt ein ny plan til Oslo for godkjenning. Kostnaden aukar frå 50 til om lag 100 millionar kroner, og arbeidet kan gjennomførast på to år, seier senioringeniør Srishankar Subranianiam i Jernbaneverket.

  • Blir posten på 50 millionar kroner på statsbudsjettet for i år snappa av prosjekt austpå?
  • Utgangspunktet vårt i Region Vest er at posten på årets budsjett kan slåast saman med ei like stor løyving neste år, og brukast på eit toårig prosjekt med oppstart i haust, seier Subranianiam.

Han understrekar at prosjektet er avhengig av godkjenning av Jernbaneverket sentralt.

Tunnel under spora

Hovudelementet i oppgraderinga av Voss stasjon er ein tunnel under jernbanespora som sikrar passasjerane trygg tilgang til plattform 2. Tunnelen får endepunkt på parkeringsplassen ved Kulturhuset Fraktgodsen og på hovudplattforma, med grein mot busshaldeplassen.

Med tunnelen på plass, kan gangbrua ved Fleischers Hotell rivast.

Planen medfører ein god del omlegging av jernbanespora på stasjonsområdet. Dagens mellomplattform skal rivast og plasserast lengre unna hovudplattforma, og gje tilkomst til tog i dei nye spor 2 og 3.

Vaktar på pengane

Ordførar Gunn Berit Lunde Aarvik seier at ho vil halda strengt oppsyn med dei 50 millionar kronene som står til rådvelde på statsbudsjettet, og lovar spetakkel dersom pengane blir borte. Betre tryggleik på Voss stasjon har stått på agendaen i fleire år, men framlegg om løyvingar har ikkje nådd heilt fram til det endelege budsjettvedtaket.

  • Eg har god tru på at Jernbaneverket får til dette no, seier Lunde Aarvik.

Må følgja opp

Voss kommune skal ikkje delta økonomisk i oppgraderinga inne på stasjonsområdet, men får hendene fulle med tilpassingar på den alt for tronge og vanskelege bussoppstillingsplassen på framsida av stasjonsbygningen. Kommunen skal også vera med på utviklinga av området aust for stasjonsbygningane, mellom anna der Destinasjon Voss lagar forprosjekt på nytt hotell og nedre stasjon for ein ny svevebane til Hangur.

Ein plan som lenge har samla støv, tilseier at tunnelen kan munna ut i Evangervegen. Det vil i tilfelle gje snarveg for fotfolk mellom Kulturhuset Fraktgodsen og det nye kulturhuset som er under bygging ved Vangsvatnet.