ARNE HOFSETH

— Vi undersøker no om vi har høve til å selja togbilletten separat. I tilfelle må han kjøpast direkte hjå DSB i Danmark, og berre dersom det er ledig plass, opplyser Anja Iversen i DSB Reisebyrå.

Går dette i orden, vil ein frå Voss kunne bruka toget til ei langhelg i Kongens by, København. Toget går frå Voss torsdag ettermiddag og er attende midt på dagen måndag i perioden 30. januar til 21. februar.

Prøveklut

— Vi ser på denne første vinteren som ein prøveklut med berre fire turar. Går det bra, kjem vi att med eit større opplegg frå 2006, seier direktør Bjørn Kanstad i Ofotbanen AS til Bergens Tidende.

Det private jernbaneselskapet i Narvik skal køyra toget mellom Malmø og Voss sidan danske lokomotiv ikkje brukar same køyrestraum som svenske og norske. Ofotbanen AS har turvande løyve til å køyra chartertog både i Noreg og Sverige, og køyrer allereie godstog langt unna Narvik og Kiruna.

Informasjonssjef Inge Hjertaas i Jernbaneverket, Region Vest, seier til Bergens Tidende at det venteleg blir stadig fleire aktørar på jernbaneskinnene i tida som kjem. NSB har ikkje lenger monopol. Lokalt jobbar Jernbaneverket no med å finna plass til å parkera dei danske jernbanevognene på Voss frå fredag til sundag. Sporkapasiteten ved stasjonen er knapp.

Liggevogner

«Skiløberen København - Voss» er først og fremst tiltenkt danskar på ferdigpakka vinterferie til Hemsedal eller Voss, med hotellopphald inkludert i pakkeprisen. Toget går frå Københavns Hovedbanegård sundag kveld, og kjem attende dit fredag morgon. Dette midtveke-tilbodet er prisa til 1660 danske kroner for Gol/Hemsedal og 1955 kroner for Voss, med tillegg for enkeltrom.

Ruta skal køyrast med danskane sine liggevogner. Dei er ganske ulike våre sovevogner, men i kupeane kan det reiast opp senger om natta. Dyner, puter og trekk er med. Førebels tidstabell indikerar korte stopp i Helsingborg, Gol, Ål og Geilo, i tillegg til rundt halvtimen i Malmø (Svågatorp) til lokomotivskifte og i Oslo, der opningane for nye tog i tett trafikk er vanskelegare.

På DSB sine nettsider er toget til Voss oppført både for pakketuristar og som ordinært tog. Men ikkje alle formalitetar er på plass.