Voss jernbanestasjon skal vera tilgjengeleg for alle, også dei i rullestol og med barnevogn, krev samferdsleministeren. Og blar opp.

I kveld dukka Magnhild Meltveit Kleppa opp med ein svær sjekk som ho overrekte til ordførar Gunn Berit Lunde Aarvik på perrongen som i løpet av neste år skal lyftast 75 centimeter.

– Ein stor sjekk, men eit heller lite beløp, sa statsråden.

Men ein overraska vossaordførar var strålande nøgd, sjølv om kommunen må dela 300.000 kroner med fylkeskommunen.

Planlegging

Saman skal kommune og fylke tilpassa infrastrukturen for drosjer og bussar, kanskje også hotell og svevebane, til den opprustinga i hundremillionarsklassen som Jernbaneverket har på gang på Voss stasjon. Her er nye plattformer med underjordisk tilkomst viktige element.

– Pengane skal gå til planlegging av tiltak som gjer alt tilgjengeleg for alle, instruerte Kleppa.

Ho har funne beløpet i ein sekkepost på statsbudsjettet merka «universell utforming».

Rassikring

Statsråden avslutta ei synfaring frå Haugesund til Voss med å ta toget til Oslo.

– Hovudtemaet har vore rassikring av vegane, men eg måtte få med meg oppgraderinga av knutepunktet Voss stasjon og samarbeidet mellom Jernbaneverket og Statens vegvesen, seier Magnhild Meltveit Kleppa.

Tverretatleg

Ho såg nærare på arbeidet som er i gang med kryssing av E16 Vangstunnelen under jernbanelina i vestkanten av stasjonen, og har von om fruktbart samarbeid mellom dei to etatane hennar mellom Vaksdal og Arna. Her aukar biltrafikken langt over prognosane, og det er ikkje plass til utviding mellom jernbana på eine sida og stupbratt i fjorden på den andre.