Assisterande fylkesdirektør for regionalutvikling i fylkeskommunen, Endre Høgalmen, seier tal frå 2007 viser ein solid auke i aktiviteten.

Men stor mangel på kvalifisert arbeidskraft bremsar den vidare utviklinga av transportnæringa og gjev hardare arbeidspress, melder NRK Sogn og Fjordane.

Manglar folk

Bedriftsundersøkjinga Næringsbarometeret for Hordaland og Sogn og Fjordane viser at 70 prosent av bedriftene i transportbransjen har auka omsetnaden i 2007. Ein like stor del ventar vekst også i 2008.

Men dette skaper også problem. Over 40 prosent av bedriftene har ledige stillingar som følge av rekrutteringsproblem.

Yrkeshemma inn

— Desse rekrutteringsproblema gjev seg utslag i at ein ikkje får ta på seg den oppdragsmengda som ein ynskjer. Fet går på det at ein må bruke meir overtid og det blir hardare arbeidspress på dei tilsette, seier Høgalmen til nettstaden.

Undersøkinga viser at det er behov for hundre fleire transportarbeiderar. 40 prosent av de spurde bedriftene svarar at dei tek sikte på å rekruttere personer med ei form for yrkeshemming. Fleire opnar og for å ta inn utanlandske sjåførar.

Vil ikkje kommentera

Næringsbarometeret for Hordaland og Sogn og Fjordane blir presentert to ganger i året, og ei ny utgåve blir offentleg 16.januar. Sjef for reigonutviklingi Hordland fylkeskommune, Jan Per Styve, vil ikkje kommentere tala før då.

Kraftig auke i transportnæringa slit ut dei tilsette. Kva kan gjerast? Sei di meining her!

KRAFTIG TRANSPORTAUKE: Det er behov for behov for hundre fleire transportarbeiderar, berre i Sogn og Fjordane.
Bergens Tidende