Etter haustferien, frå måndag 14. oktober vil det berre vera arbeid ved fabrikken på Dale to dagar i veka. Dei største pessimistane trur det blir kroken på døra før jul.

Går i bøljer

— Avvikling har eg inga tru på, seier tillitsvalde Gunnlaug Drange til Bergens Tidende.

Ho minner om at verksemda var nede i ein liknande bølgjedal i 1995, og kom seg opp att.

— Avtalen med IOC om OL-gensarar sikrar nytt arbeid i løpet av 2003. Då har vi masse å henga fingrane i, i månadsvis framover, seier Drange.

— Eller det blir utflagga til Polen?

— Vi får alt no ein del arbeid utført i Polen, det mest arbeidsskrevande monteringsarbeidet. Vi har ikkje fått signal om endringar her.

«Feil» turistar

— Det som skal til no, er at dei store bunkane med ferdige produkt vert selde ut frå lageret, seier Drange.

Ho finn mykje av årsaka til dårleg sal i at Noreg har fått «feil» turistar i år. Amerikanarar og japanarar sviktar, medan straumen av mindre kjøpesterke europearar aukar. Dyre strikkejakker er ikkje lenger impulskjøp i suvenirbutikkane rundt om i landet. Dei som kjøper, har bestemt seg på førehand.

— Vi vart hardt råka av hendingane 11. september i fjor, og slit framleis med etterverknadene, seier Drange.

Direktør Ståle Pedersen er for tida utanlands, og hans nestkommanderande gjorde ikkje seg tilgjengeleg for Bergens Tidende i går.